nyhende
Set ut konteinarar i påska
Njord Dykkarklubb har ein litt annleis tradisjon i påska. Dei set ut konteinarar rundt om i kommunen kor ein kan leggja skrot ein finn på påsketurar. — Det er fritt fram å samla boss frå tur, seier leiar i dykkarklubben, Lars Einar Hollund.
— No er dei på plass, seier Lars Einar Hollund, leiar i Njord Dykkarklubb og kommunestyrerepresentant for Høgre.
Fire konteinarar vart nyleg sette ut i Sveio kommune. Dei er del av noko dykkarklubben gjer for å hjelpa sveibuen å halda naturen fin.
Til boss du finn ute på tur
— Me har hatt som tradisjon å setja ut konteinarar i påskehelga som folk kan samla skrot i. Enten får strand, sti eller veger, seier Hollund.
For dei mange som går tur i påska, både kort og langt, har ein no ein konteinar å sleppa av bosset ein finn på vegen.
— Kvar kvar står dei?
— På ferjekaien i Valevåg, ein på Vågakaien, ein på parkeringsplassen nede i Førde og ein ved kommunekaien i Auklandshamn, seier han.
Vert henta etter påske
Der vert dei ståande ein stund.
— Dei vert henta etter påska er over. Så her er det fritt fram å samla boss og hiva oppi, seier Hollund.
Han understrekar samstundes at det ikkje er ein plass ein kan kasta det ein vil kvitta seg med privat.
— Det er meint for skrot og sånt som ein finn der ute i påska, seier han.
Kan vinna
Njord Dykkarklubb fortel også at ein kan verta premiert for å halda naturen rein.
— Dei som ryddar kan ta eit bilete av seg sjølv ved konteinaren, gjerne at dei viser at dei hiv oppi, og senda det til oss. Då vert dei med i trekninga til gåvekort, seier Hollund.
Kvar konteinar har to gåvekort knytta til seg, og biletet kan leggast ut på bygdelaget si Facebook-side, eller sendast på Messenger.
Sjølve trekninga skal gjerast andre påskedag. Hollund oppmodar folk til å gjere ein innsats for å vinna gåvekort, og kjem med eit lite råd.
— Det er viktig å byrja ryddinga før graset byrjar å gro, ellers så vert bosset skjult, avsluttar han.