nyhende
Set opp lyktestolpar
Dei neste månadane kan ein sjå arbeid langs fylkesvegen mellom Bjelland og Sveio. Der skal det koma fleire kilometer med lyktestolpar.
Medan sola skin og bilane susar forbi, er to vegarbeidarar i full gang på Bjelland.
Ei lang grøft er graven opp og lagt rør i. Årsaka er at det skal koma lyktestolpar her.
— Me byrja ved innkøyrselen til Frøvik Elektro og har jobba oss litt nordover. Etter me er ferdig her, så fortset me sørover heilt til Sveio sentrum, seier Stein Arve Gloppen.
Han er ein av vegarbeidarane på staden, og fortel dei er der på oppdrag frå Vestland fylkeskommune.
Annonse
Planen er å setja opp lyktestolpar frå busstoppet på Bjelland og langs gangvegen inn til Sveio.
— Det vert ei strekning på om lag 2,5 kilometer, seier Gloppen.
— Når er dykk ferdig?
— Framdriftsplanen vår er å ha det ferdig i oktober, svarar han.