nyhende

Karmsund VGS sitt mixlag består av berre sveibuar. Nyleg kvalfiserte dei seg til NM for skulelag: Bak frå venstre: Jone Fagerland, Tomas Dale, Ådne Christiansen, Ole Alexander Sveen, Arne Martin Helland. Framme frå venstre: Vilde Brekke, Helene Selsås, Mina Vikse, Sara Guddal og Malin Halleraker. FOTO: PRIVAT
Karmsund VGS sitt mixlag består av berre sveibuar. Nyleg kvalfiserte dei seg til NM for skulelag: Bak frå venstre: Jone Fagerland, Tomas Dale, Ådne Christiansen, Ole Alexander Sveen, Arne Martin Helland. Framme frå venstre: Vilde Brekke, Helene Selsås, Mina Vikse, Sara Guddal og Malin Halleraker.

Set farge på lokal volleyball

Sveio-volleyballen viser igjen både i serie og i skulemeisterskap om dagen.

Publisert Sist oppdatert

Sveio IL har for første gong på meir enn 20 år eit seniorlag i volleyball. I helga blei det to knappe 3-2 tap mot høvesvis Hinna (settsiffer 23-25, 27-25, 25-14, 19-25 og 10-15) og Gjesdal (25-16, 20-25, 24-26), 26-24, 12-15).

Laget står med to sigrar etter 6 kampar i 2. divisjon. Trenar Ole Johan Sveen ser stadig framgang.

— Kampen mot Hinna var veldig jamn. Og det er ei god prestasjon når ein ser bak tala. Me er nybegynnarar, og me har eit ung lagt, seier han.

Ungt lag

I helga stilte Sveio med ein 15-åring, tre 16-åringar, to 17-åringar, ein 18-åring og den eldste var 23 år.

I Gjesdal møtte Sveio ein motstandar med mykje rutine. Dei hang likevel godt med, men då Arne Martin Helland, ein av nøkkelspelarane pådrog seg krampe, så vart ikkje utfordringane færre for Sveie. Dei gav seg stadig ikkje utan kamp, men måtte til slutt sjå seg slått på ny i ein jamn kamp.

Kaptein Ådne Christiansen (18) synes laget hans har gjort det overraskande bra i kampane. Sjølv returnerte han til Sveio IL for to år sidan, etter å ha spelt for Torvastad kor han mellom anna fekk med seg kampar i 1. divisjon.

— Til å vere eit så ungt lag, synes eg at me leverer ganske bra sa han. Han legger til at det er ingen som liker å tape.

— Det var skuffande, men me må berre finne oss i det og sjå framover til nye kampar til helga, seier han.

Då ventar KSI frå Kristiansand og UISI frå Stavanger.

Årets første heimekamp for Sveio-herrane blir mot Finnøy 17. desember.

Skulelag klar for NM

Christiansen er skuleelev og går VG 2 elektro på Karmsund vidaregåande skole i Haugesund. Og han er langt i frå den einaste sveibuen som går på den skulen. Då Karmsund vgs stilte til skulemeisterskap i volleyball nyleg, så bestod mix-laget berre av sveibuar (!). Og då gjekk det jo som det «måtte» gå. Karmsund vgs gjekk til topps i turneringa i Stavanger, og kvalifiserte seg samtidig til NM som går ab stabelen i Førde i Sunnfjord i slutten av januar.

I finalen slo dei laget til Vang toppidrettsgymnas 2-0 med settsiffera 16-4 og 15-5. Og på vegen til finalen dei også Haugesund Toppidrettsgymnas sitt lag med solide siffer.

— Det sei litt om nivået me har inne. Me tanke på at lag frå Rogaland har gode tradisjonar i mix-klassa i NM, trur eg me kan gjere det ganske bra der også, seier han.

— Kva med dine eigne ambisjonar på volleyballbanen?

— I tida som kjem ventar både læretid og militæret, så vi får sjå. Per i dag har berre lyst til å gjere det best mogeleg saman med Sveio, seier han.

Han skryt også av innsatsen Ole Johan Sveen legger ned for volleyballmiljøet i heimbygda. Det var nettopp Sveen som lokka 18-åringen «heim» frå Torvastad, i arbeidet med å få stabla eit herrelag på beina i Sveio.

— Etter mitt skjønn ein glimrande trener, er attesten frå 18-åringen.

Powered by Labrador CMS