nyhende
Sesong for smittsam omgangssjuke er like rundt hjørna
Dei første utbrota av omgangssjuke med norovirus er melde inn til FHI. Symptoma er kvalme, oppkast, vondt i magen og diaré, og det er svært smittsamt.
Viruset blir lett spreidd frå person til person på stader kor mange folk samlast eller bur tett, åtvarar Folkehelseinstituttet.
Sjukdommen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter ein til tre dagar hos elles friske personar.
– Har du omgangssjuke eller mistenkjer at du kan vere smitta, til dømes etter å ha vore i kontakt med personar som er sjuke, bør du vere ekstra nøye med å vaske hendene med såpe og vatn. Du bør ikkje lage og servere mat til andre, seier lege Hilde Marie Lund ved FHI.
Vanlegvis kan du vende tilbake til skule eller jobb når du kjenner deg frisk igjen. Barn i barnehage, personar som handterer mat og helsepersonell bør ikkje vende tilbake til barnehage eller arbeid før 48 timar etter at oppkast og diaré har gitt seg.
Sidan 1. oktober er det meldt inn fem tilfelle av norovirus, men FHI meiner talet ikkje er representativt for kor mange som faktisk har det ettersom norovirusinfeksjon er ikkje meldepliktig.
(©NPK)
vaktsjef@ntb.noBilete: _1kAyFZOY64
Sesongen for ein svært smittsam variant av omgangssjuke er rett rundt hjørna, åtvarar FHI. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK