nyhende

Kulturbygda Valestrand har mykje å by på, her er heime hos gjestfrie Liv Marit og Einar Økland. Frå venstre Hans-Christian Andersen (Valestrand bygdalag og LivOGLyst), Liv Marit Økland, Cecilie Austerå og Eline Øyri frå LÉVA Urban Design.
Kulturbygda Valestrand har mykje å by på, her er heime hos gjestfrie Liv Marit og Einar Økland. Frå venstre Hans-Christian Andersen (Valestrand bygdalag og LivOGLyst), Liv Marit Økland, Cecilie Austerå og Eline Øyri frå LÉVA Urban Design.

Ser på bygda med nye auger – vil løfta store visjonar for Valestrand

Korleis utnytta lokale ressursar betre, og gjera bygda meir attraktiv og levande? Den nordlegaste bygda i Sveio har hyra inn folk for å sjå på akkurat dette.

Publisert Sist oppdatert

Det er mykje på grunn av pandemien prosjektet er sett i gong av bygdelaget, som har leigd inn LÉVA Urban Design. Dei får stort sett oppdrag frå kommunar og utviklarar, innimellom mindre grendalag og bygdelag.

– Det er viktig at dei også får fagleg hjelp, derfor legg me også ned mykje eigeninnsats i arbeidet. Me har store ambisjonar om å hjelpa bygda, og det er utruleg kult at dei i Valevåg har bestilt oss, og engasjementet aukar etter kvart som me motiverer dei. Me kjem til å løfta store visjonar om korleis bygda kan utvikla seg, lovar Aslaug Tveit, dagleg leiar og urban designar i firmaet. Ho er opphavleg frå Bømlo, og har jobba med eit tilsvarande prosjekt for Langevåg.

Ho og kollegaene er fascinert over møtet med Valestrand.

Innbyggjarundersøking

– Me var der fleire dagar i sommar. Me hadde lange besøk på gardar, butikken og gjorde research før me begynte å teikna, fortel Tveit.

Dei tre kollegaene frå LÉVA Urban Design brukte dagane i Valestrand godt, her på besøk hos Fartein Valen-Sendstad.

Firmaet har hatt ei digital innbyggjarundersøking som rundt 80 svara på. Her fekk folk dela sine meiningar fritt. Her kom nyansane fram – nokon er mest opptatt av friluftsliv, andre av kulturbygda.

– Det er viktig innsikt. Vår konklusjon er at me løftar fram det som er av stor nasjonal verdi, på same tid som det er ei bygd. Folk har delt meir i spørjeundersøkinga, og gitt ei ærleg innsikt. Det er interessant, understrekar ho.

Oppdrag frå bygda

For å forstå kva som skjer, må me tilbake nokre månadar i tid. Som kjent får Valestrand bygdalag tilskot frå fylkeskommunen og kommunen til prosjektet LivOGLyst, som skal skapa attraktive bygder og utvikla bygdesamfunnet. Tidlegare år har pengane gått til å sponsa ulike arrangement som samlar bygda. Det blei utfordrande å gjera dette i år, derfor tenkte styret i prosjektgruppa nytt.

Slik gjekk det til at LÉVA Urban Design blei invitert til å gjera ein stadanalyse av bygda, rett og slett for å sjå kva godt ein har i bygda, og korleis byggja vidare på det.

– Dei har fått i oppdrag å hjelpa oss, vera konkrete, sjå potensiale og moglegheiter for kor og korleis me kan utvikla bygda. Med hjelp av LÉVA, samarbeid med kommunen og ikkje minst gjennom den digitale innbyggjarundersøkinga, så kjem det fram ting me som gruppe ikkje har klart å sjå, sier Kjartan Eidsvåg til Vestavind. Eidsvåg er leiar for LivOGlyst Valestrand, og er spent på resultatet – det er også dei rundt han.

Bygdeskulen

Når det gjeld skulen, har firmaet sett på korleis den kan fungera i ei lita bygd.

– Me jobbar med korleis framtidas bygdeskule kan vera ein integrert del av stadutviklinga, med mål om å visa eit forbildeprosjekt for andre små bygder.

No er mykje av arbeidet gjort, men det blir jobba med prosjektet enda. Kanskje blir det mogleg å presentera noko for politikarane dette året.

– Det har vore ein spennande prosess. Spørjeundersøkinga gav svar på at folk opplever at sentrum er der butikken er – der ligg også ein gamal ferjekai med ei lang historie. Me er fascinerte over den, røper Tveit, som har spennande skisser på bordet.

Me får ikkje vita så mykje om prosjektet før alt er klart, men me har fått vita at ferjekaia vil vera sentral i planane LÉVA Urban Design vil presentera i desember.

Ho er spent på kva politikarane seier om dette.

– Det blir nok ein diskusjon på korleis Valevåg kan utviklast, men eigentleg handlar det òg om å tenka annleis om korleis utvikla mindre stader. Det er eit veldig spennande prosjekt, der me tar opp mange nasjonale utfordringar. Me kjem til å fortelja om dette mange andre stader seinare.

Powered by Labrador CMS