nyhende

Den nye kommuneoverlegen Maren Rytilahti Hatlestad:

Maren Rytilahti Hatlestad gler seg til å begynna i jobben som fastlege og kommuneoverlege i Sveio.
Maren Rytilahti Hatlestad gler seg til å begynna i jobben som fastlege og kommuneoverlege i Sveio.

Ser fram til å starta på jobben i Sveio

Maren Rytilahti Hatlestad (35) ser fram til å starta på ny legejobb i Sveio, ein kommune ho kjenner frå før – på fleire måtar.

Publisert Sist oppdatert

– Foreldra mine har hytte på Kvalvågnes. Eg har mange gode barndomsminne derfrå, for eksempel frå besøk på Våga-kiosken der me kjøpte is. No som vaksen tar eg ofte barna mine med til den same hytta, fortel Hatlestad.

Ho og sambuaren har to barn. Den minste er baby. Difor er Hatlestad i permisjon fram til ho startar på jobben i Sveio til hausten.

Elles likar Hatlestad å gå fjellturar, og ho kjenner godt til turstiane som finst i kommunen der ho no får arbeidsplassen sin.

Blir kollegaer igjen

– Dessutan kjenner eg godt den andre legen som arbeidar ved legekontoret på Sveio. Me arbeidde saman på legevakta i Haugesund. Ho har skrytt mykje av Sveio som arbeidsstad. Eg gler meg til å arbeida saman med henne igjen.

Hatlestad er fødd og oppvaksen i Haugesund. Mellomnamnet Rytilahti har ho frå faren, som kjem frå Finland. Ho studerte til lege i Ungarn. Etter fullført utdanning i 2016 gjekk turen til Ålesund, der ho var fastlegevikar i eit halvt år i påvente av turnusplass.

Ho flytta tilbake til Haugesund då ho fekk turnusteneste ved Haugesund sjukehus. Etter turnustenesta arbeidde ho ei tid ved nevrologisk avdeling på sjukehuset. Deretter fylgde ein ny periode som fastlege før ho i 2021 fekk jobb ved legevakta i Haugesund.

Fastlege og overlege

Hatlestad er snart spesialist i allmennmedisin. Ho tiltrer i Sveio 1. oktober og blir då både fastlege ved legekontoret i Sveio sentrum, og kommuneoverlege.

– Jobben som kommuneoverlege blir ekstra spennande, men også utfordrande. Det blir interessant å få jobba med det feltet eg spesialiserer meg i, seier ho.

Den nye kommuneoverlegen blir buande i Haugesund og tar sikte på å pendla til den nye jobben nord for kommune- og fylkesgrensa.

Powered by Labrador CMS