nyhende
— Ser fram til å byrja
Torunn Bjelland er nyleg tilsett som konsulent på kommunen sitt servicekontor. Med seg har ho over 20 års erfaring innan administrasjon.
Ho bur i Haugesund og kjem til å pendla til Sveio. Oftast går det andre vegen, men for Torunn Bjelland vert det uansett ikkje så langt.
— Eg bur på Kvala, seier Bjelland.
Ho er den nye konsulenten på kommunen sitt servicekontor. Med seg til sin komande jobb har ho over to tiår med erfaring.
— Eg har jobba i 20 år på Blå Kors klinikk for Haugalandet. Det har vore interessant og lærerikt, seier Bjelland.
Familie på Bjelland
— Korleis fekk du den jobben?
— Eg søkte stilling der i 2003. Då var eg først på poliklinikk som sekretær, og sidan har eg vore dei fleste åra i administrasjonen, seier ho.
Hennar rolle som administrasjonssekretær gav ho mogelegheit til å jobba på tvers av avdelingar. No ser ho fram til å jobba i Sveio.
— Det verkar veldig spanande, med mykje variasjon i arbeidsoppgåver, seier Bjelland.
— Har du noko relasjon til Sveio frå før?
— Ja, eg har familie på Bjelland, svarar ho.
Nye utfordringar
— Kvifor søkte du denne jobben?
— Eg ynskja meg nye utfordringar. Så eg gler meg til å starta i ny jobb og tenkjer det vil gje meg nye erfaringar, seier Bjelland.
Ho beskriv søknadsprosessen som veldig kjekk og gjev ros til korleis det gjekk for seg.
— Eg fekk eit veldig godt inntrykk av servicekontoret. Eg har vore å helsa på dei, seier ho.
Bjelland er 53 år og byrjar i starten av august.