nyhende
– Ser at eg burde formulert meg annleis
Valestrand bygdelag har publisert eit opptak frå valkampen i 2019, der det høyrest ut som at Arbeiderpartiet går god for at dei ikkje har planar om å endra skulestrukturen, noko som er i strid med det enkelte politikarar har gått ut med.
I forkant av valet i 2019 var det fleire debattar, mellom anna ein nord i Sveio.
– Valestrand oppvekstsenter har tidlegare vore gjennom to kampar om nedlegging, derfor var det viktig å få dokumentert at det ikkje blei ein ny runde etter dette valet. Det var eit synleg kamerastativ i rommet under møtet, forklarar Agniezska Wanag i Valestrand bygdelag.
Ingen for nedlegging
Deira poeng med å publisera filmen, er å visa at det blei skapt eit inntrykk av at alle skulane skulle oppretthaldast i denne valperioden. Før kommunevalet i 2019, var det ingen parti som synleggjorde at dei ville arbeida for nedlegging av skular.
Bygdelaget avviser at dei har «trua» Arbeiderpartiet med å publisera filmen, slik det kjem fram i ein kommentar på nettet.
– Me har aldri meint å trua nokon som helst, men dei kjenner kanskje på at dei har sagt noko dei ikkje burde? Er det nokon som skal kjenne seg trua, så er det me som står i fare for å mista limet i bygdene, nemleg skulane våre, seier Wanag.
I videosnutten kan det nemleg tolkast som at Arbeiderpartiet lovar veljarane at dei ikkje skal røra skulane:
Skulestrukturen er ikkje tema for oss i Ap denne perioden, og det vil seia at me har ingen intensjon om å sjå på om me skal endra den strukturen.
Det var Linn Therese Erve som sa dette i 2019. No ordførar, og representant for eit parti der fleire har gått ut med at dei er for skulesamanslåing.
Ikkje tema i valkampen
Ho har sjølvsagt fått med seg videosnutten, og kommentarane som følgjer.
– Kva tenker du om opptaket?
– Eg må vera ærleg å seia at det er krevjande og tøft å stå i. Ærlegheit og integritet er verdiar som står høgt for meg. Når eg ser videoen av dei to setningane som er trekt ut av debatten, ser eg at eg burde formulert meg annleis for å få fram poenget mitt. Eg ville få fram at me ikkje seier noko om skulestruktur i vårt program, for det var ikkje eit tema i programarbeidet eller i valkampen for oss. Nettopp av den grunn hadde me ikkje planar om å ta opp spørsmålet om eventuell strukturendring i desse fire åra, forklarar Erve.
Vidare forklarar ho at sak om prosess og framdrift for skulebruksplan var eit initiativ frå administrasjonen for rundt eitt år sidan, der det blei lagt opp til å bestilla ein ekstern rapport.
Kommunestyret bak bestillinga
– Det er viktig for meg å presisera at rapporten frå Telemarksforsking blei bestilt av eit samla kommunestyre, der skulestruktur var ein del av mandatet, seier Erve.
Ho har ikkje gått ut med si meining i saka enda, men deler nokre tankar.
– Me ser store endringar i samfunnet berre dei siste åra. Me har lågare folkevekst, og alt frå 2025 kjem me til å få store endringar i demografien med fleire eldre. Me må ta eit samfunnsansvar. No har me saka på bordet, og det er vår plikt som folkevalde, og mi plikt som ordførar, å setja oss grundig inn i saka og gjera oss opp ei meining om kva som er til det beste for alle elevane i Sveioskulen no og i framtida, seier ordføraren.
Viktig med ryddig debatt
Det går tilsynelatande hardt føre seg ulike stader på Facebook, både for parti og enkeltpolitikarar. Me høyrer med leiar i Sveio Arbeiderparti, kva dei tenker om debatten så langt.
– Det er positivt for lokaldemokratiet at innbyggjarane engasjerer seg, og det har dei verkeleg gjort i denne saka. Det at innbyggjarane har så stor tilgang til ulike digitale fora, gjer det også lettare for dei å nå politikarane som skal avgjera saka. Også dette styrkar lokaldemokratiet. Det er samstundes viktig for Sveio Ap å ha ein ryddig debatt som viser respekt for dei ulike standpunkta. Det er ei krevjande, viktig og stor sak for alle, seier Håkon J. Skimmeland.
Måndag skal saka opp i formannskapet, då vil både Skimmeland og Erve sine meiningar komma fram.
– Korleis jobbar de i Arbeiderpartiet fram mot formannskapsmøtet?
– Sveio Ap har hatt jamt med møte gjennom heile prosessen, og kommunestyrerepresentantane har hatt ein god dialog og grundig drøfting av saka. Dette vil me halda fram med både i høve møte i formannskapet og kommunestyret, seier Skimmeland.