Det er viktig å understreke at uavhengig av denne krisa så meiner Sp at beredskapslagring av matkorn er viktig, seier Senterpartiets Jenny Klinge til NRK.FOTO: NPK
Senterpartiet vil ha fortgang i beredskapslagring av korn
Senterpartiet meiner krigen i Ukraina aktualiserer debatten om beredskapslager for korn i Noreg.
NPK-NTB: Ukraina er den fjerde største kveiteprodusenten i verda, og Russland er den største.
– Det er ingen tvil om at krigen i Ukraina set dette på dagsordenen no, også dette med beredskapslager av matkorn. Det er viktig å understreke at uavhengig av denne krisa så meiner Sp at beredskapslagring av matkorn er viktig, seier Senterpartiets Jenny Klinge til NRK.
I 2019 meinte Landbruksdepartementet at det ikkje lenger var behov for å opprette eit beredskapslager for korn, fordi dei meinte det var usannsynleg at tilgangen ville forsvinne.
Ifølgje Nationen var det ved nyttår totalt lagra litt under ein million tonn korn her i landet.
Ordninga med beredskapslager vart avvikla i 2003 og erstatta med ei lagerordning for 20 dagars mjølforbruk nord for Ofoten.
I Hurdalsplattforma fastslo Arbeidarpartiet og Senterpartiet at dei vil etablere beredskapslagring for korn.