nyhende

Stortingsvalet 2021:

Senterpartiet har størst framgang i Sveio – dette seier lokallaga

Resultatet frå stortingsvalet er klart, det blir ei raud-grøn regjering med Arbeidarpartiet i spissen. Lokallaga tar valresultata innover seg – nokon glade, andre litt skuffa. Engasjementet for å gjera det godt i lokalvalet om to år er tend i fleire leirar.

Publisert Sist oppdatert

Senterpartiet blei valet sin store vinnar, både nasjonalt og lokalt i Sveio. Med ein oppslutnad på 18,7 prosent ligg partiet på ein tredjeplass i Sveio, partiet fekk 6,6 prosent fleire stemmer enn sist stortingsval – den største auka som er å finna blant valresultata.

– Me ser at Senterpartiet sitt slagord «Nær folk i heile landet» fekk gehør her i kommunen også: «Nær folk i heile kommunen». Folk i Sveio støttar Senterpartiet sitt program. Me ønskjer  mellom anna å snu sentraliseringa, skapa aktive bygder med nærskular og miljøvenlege arbeidsplassar, auka matberedskap og utvikla eit landbruk som bøndene kan leva av. Me takkar alle som har bidratt i valkampen og dei som har stemt på Senterpartiet i Sveio, seier lokallagsleiar Kristian Eilerås, som var på valvake i Bergen måndag kveld.

– Det var stor stemning. Me var om lag 40 Senterparti-folk frå fleire kommunar frå Hordaland valdistrikt samla, ikkje minst mange frå Senterungdomen. Gleda var stor då me fekk resultata og såg at både Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke blir folkevalde på Stortinget dei neste fire åra, seier Eilerås.

Valsigeren vil Sveio Senterparti feira på medlemsmøte seinare i september.

– Sveibuar som vil bli medlemar er velkomne. Me er audmjuke over valsigeren, men vil jobba for at medvinden skal vara fram mot kommunevalet om to år.

SV

SV hadde mål om å få 146 stemmer frå Sveio, og mangla berre åtte stemmer på å nå målet.

– Trass dette er me nøgde. Me er veldig glade for framgongen, og at det blir ei raud-grøn regjering. No håpar me på at SV får gjennomslag for nokre av dei politiske måla hos Ap og Sp når det gjeld rettferd og fordeling, då er gratis SFO og tannhelse for alle viktige saker, seier Eli Neeraas Vihovde. Leiaren i Sveio SV ventar elles på uravstemminga i partiet.

– Uravstemming mellom SV sine medlemer etter at forhandlingane er over, vil avgjera om SV blir regjeringsparti, seier Vihovde.

MDG

På trass av at klima kom på dagsorden mot slutten av valkampen, blei valresultatet for MDG i Sveio litt svakare enn forventa. Ei trøyst er at tilbakegangen er minimal samanlikna med førre stortingsval.

– Det er litt skuffande, seier Ole-Ørjan Hov i Sveio MDG. Han gler seg over at lokallaget fekk ein del nye medlemmer i sommar, og at partiet har fått ein del positiv merksemd.

Oppslutnaden til stortingsvalet er under halvparten av kva partiet fekk ved kommunevalet for to år sidan.

– På same tid er det stor skilnad på eit kommuneval og eit stortingsval. Det er enklare for oss kommunepolitikarar å snakka om lokale saker og løysingar. I eit stortingsval er det så mykje anna som spelar inn, seier Hov, som ser fram til kommunevalet om to år.

– Me trur og håpar at MDG har markert seg på ein positiv måte i Sveio dei siste åra. I kommunestyret har me jobba for gode løysingar for innbyggarane, og ikkje minst for å sikra eit godt tilbod uavhengig av kor ein bur i kommunen. Derfor har me stor tru at me skal klara å auka oppslutnaden i neste kommuneval.

FrP

Sveio FrP er stort sett nøgde med resultatet.

– Me ser at trenden nasjonalt også slår til lokalt – Sp tar stemmer frå FrP og Høgre, oppsummerer lokallagsleiar Ruth G. Østebøvik Eriksen. No tar FrP plass i opposisjon på Stortinget.

– Det blir spennande å sjå kva regjering me får. Det vil ha stor betydning for oss lokalt, då me mellom anna har store vegprosjekt rundt oss, som står i fare for å bli skrota. Det vil også bli spennande å sjå om «pengedrysset» kjem over kommunane som lova av det nye fleirtalet, seier Eriksen. Lokalt brettar dei ermane opp, og jobbar beinhardt vidare for å visa innbyggjarane i Sveio at FrP er det rette valet i neste val – kommunevalet.

Høgre

Høgre er partiet som fekk størst oppslutnad i Sveio, men partiet har også størst nedgang samanlikna med sist stortingsval.

– Nedgang i stemmene er sjølvsagt aldri kjekt, men me i Sveio Høgre ser at mobiliseringa som er gjort av våre frivillige gjer at me landa over landssnittet, og held stand som største parti i Sveio med ein oppslutnad på heile 21,5%. Me vil takka alle som ønskja fire nye år med Erna som statsminister, og Høgre i regjering. Dei 669 røystene seier oss at «vanlege folk» likar politikken me i Høgre fører, ein politikk me vil halde fram med både lokalt og nasjonalt. Me skal halde fram med å vise at Høgre er eit parti for alle, oppsummerer leiar i Sveio Høgre, André Mundal Haukås.

Han forsikrar om at tilbakegangen vekker eit yrande engasjement i heile partiet som vil komma enda sterkare tilbake, både i kommunevalet og neste stortingsval.

Ap

Sveio Ap seier seg nøgde med valet.

– Etter åtte år med borgarleg regjering, er me no glade for å få ei Ap-styrt regjering som kan få Noreg inn på rett kurs med fokus på våre kjernesaker. Å ha ei Ap-styrt regjering ser me i Sveio Ap som ein styrke for lokallaget og ikkje minst for heile den flotte kommunen vår, seier Håkon Skimmeland.

Lokallaget er spesielt glade for at kandidaten deira frå Sunnhordland, Odd Harald Hovland, no har kome inn på Stortinget. Ser ein på resultata frå Sveio, går Ap marginalt ned i oppslutnad.

– Dette følgjer dei nasjonale trendane, me ser at dette også gjeld dei fleste andre partia. Resultatet for Ap nasjonalt, samt for våre samarbeidspartnarar, er samla sett svært motiverande for vårt vidare arbeid, seier Skimmeland til Vestavind.

KrF

– Me er sjølvsagt skuffa over at me ikkje kom over den nasjonale sperregrensa, og resultatet på 6,3 prosent i Sveio er dessverre ein nedgang frå førre stortingsval på 1,3 prosentpoeng. Men me vil likevel nytta høvet til å takka alle dei 202 veljarane i Sveio som gav Kristeleg Folkeparti ei stemme. Etter ein lang og spennande valkamp har me har framleis tru på politikken vår og har stor optimisme i lokallaget. Me kjem tilbake og håpar på eit godt lokalval igjen om to år, seier Jarle Jacobsen i Sveio KrF.

Powered by Labrador CMS