nyhende
Senterparti-statsråd på valkamp i Sveio
Barne-og familieminister Kjersti Toppe (Sp) hadde torsdag fire stopp på fire timar i Sveio. Hensikta var å hjelpa den lokale valkampen og å skapa merksemd rundt nytt skuletilskot for praktisk læring.
– Eg skulle ha vore med her, seier statsråd Kjersti Toppe til ein lattermild gjeng.
Seniortreff på Frivilligsentralen er i gang, og dei eldre kan kome for å få hjelp med digitale utfordringar. Barne-og familieministeren var der derimot for å hjelpa Sveio Senterparti i valkampen deira, med berre nokre få dagar igjen.
– Det er viktig med frivilligheit, og ikkje minst å læra det vidare til komande generasjonar, seier statråden til forsamlinga.
Ein som fekk ros var Einar T. Halleland, som i løpet av sin frivilligheitskarriere har vore med å lærekøyrt med minst 25 flyktningar, som no har teke førarkortet.
– Veldig bra, seier Toppe.
Jamna ut sosiale skilnadar
Opphaveleg skulle statsråden ha kome på tysdag, men vart kalla bort for å vera med på kunngjeringa om at regjeringa senka maksprisen på barnehagar. Torsdag var ho tilbake og fekk omvisning av Elisabeth Nilsen Staupe, koordinator ved Frivilligsentralen.
Saman med lokal ordførarkandidat Monica Vandaskog Valen (Sp) snakka dei om korleis gratistilbod kan vera med å jamna ut sosiale skilnadar i samfunnet.
Frivilligsentralen er stopp nummer to. Tidlegare var dei på Valestrand kulturkyrkje, og etterpå skal dei innom Vigdartun før den kommunale barnehagen i Sveio står for tur. Statråden fann tid til å svara på fleire spørsmål under besøket.
Senka barnehageprisen
– No går me vinteren i møte, og for mange barnefamiliar betyr det dyrtid. Kva gjer regjeringa for å hjelpa?
– Me gjer veldig mykje, og me har senka prisen på barnehagar, svarar ho.
– Men det trer ikkje i kraft før 1. august 2024.
– Ja, det er sant, men det vil frå då av gje varig betring på familieøkonomien. Har ein til dømes to ungar i barnehage vert det 20.000 kroner mindre i året å betala. Det er mykje for ein familie. Elles har me ordningar for straumstøtte, bustøtte, og ikkje minst me har auka barnetrygda i forlik med SV, svarar Toppe.
Ho legg også til at dei har auka tilskot til verksemder som driv med gratis utlån, som Skattkammeret hjå Frivilligsentralen er eit døme på.
Meir praktisk skulegang
Ordførarkandidat Monica Vandaskog Valen er nøgd med bodskapen, og ikkje minst nok eit nytt tilskot som statsråden hadde med seg. Neste år får Sveio 161.000 kroner å bruka på meir praktisk skulegang for trinna mellom 5. og 10. klasse. Det kan brukast på alt frå musikkinstrument til å få grønare fingrar.
– Skulehagar kan vera ein viktig måte for barn å læra noko, men me vil ikkje detaljestyra skulane. Det avheng også av kva lærarane har kunnskap til å undervisa i, seier Valen.
– Det kan gå til det som er av interesse eller behov for både elevar og lærarar, så lenge det er praktisk opplæring, seier Toppe.
Trur det går vegen i år
Statsråden meiner at samfunnet må erkjenna at skulen har vorte for teoritung, og vonar tilskotet kan vera ei byrjing på ei endring. Toppe håpar vidare at Senterpartiet gjer eit godt val. Når ho vert minna på at Senterpartiet mista ordførarplassen ved målstreken sist val, svarar ho følgjande:
– Eg heiar på Senterpartiet og trur det vil gå vegen i år. Men eg vil ikkje blanda meg i lokalpolitikken. Eg opplever at dei har jobba godt sidan sist val og har god kontakt med mange parti, seier Toppe.
– Er det noko ordførarkandidaten håpar statsråden tek med seg av lærdom frå Sveio?
– At ein må tenka på den økonomiske situasjonen til barne-og ungdomsfamiliar, svarar Valen.