nyhende
Seniordugnad for idretten
Anna kvar tysdag har om lag 20 seniorar dugnad på idrettsanlegga i Sveio. Det har dei halde på med i snart sju år.– Då me byrja i 2016 var det så nedslitne at folk ikkje vil vera her, seier leiar Eivind Aase.
— Me har gjort mykje rundtom her, seier Karsten Skimmeland.
Utanfor Sambrukshuset står han og Leif Birger Sætre med kvar sin kost. Vinter, snø og moking har flytta mykje grus inntil husveggen.
No mokar dei den ut til ein smilande Einar Vierdal i ei kostemaskin.
Mange av oss var jo med på dugnad når både bana og sjølve huset vart byggja, seier Sætre.
Han fortel at oppgåvene varierer ut i frå kva som trengs.
— Det første året, i 2016, så hogg me mykje skog rundt idrettsbana, seier Sætre.
Aldersgrense
Ved kostemaskina er det to karar utanfor og ein inni. Sjåfør Einar Vierdal kjem ut og overtalar Olav Rossehaug og Kjell Gunnar Nymark til å posera for eit bilete.
— Nokon må jo dokumentera at me jobbar, spøker Rossehaug.
Dei trivst godt med dugnad anna kvar veke, og Vierdal fortel at det berre er to krav til interesserte.
— Inngangsbilletten er å vera 60 år pluss, og å villa hjelpa til, seier Vierdal.
— Me brukar å vera mellom 15 til 20 karar, seier Nymark.
Starta i 2016
Inne i Sambrukshuset står ein av dei sentrale personane, Torstein Gramshaug. For snart sju år sidan var han med å starta det heile.
· Torleif Bjelland ringde meg og sa at no heldt huset på å rasa saman, og me måtte gjera noko, fortel Gramshaug.
Då samla dei mange seniorar til å gjera det dei kunne for å pussa opp Sambrukshuset. Det har gjeve resultat.
— Me gjer vedlikehald inn- og utvendig, og på gras, kunstgras og løpebane, seier Eivind Aase.
Saman med Torleif Bjelland er det dei to som er sjefar for dugnaden.
Sidan dei byrja har dei lagt inn vassboren varme, fått dusjane til å verka igjen, pussa opp andre etasje, måla mykje av gangane og held huset ved like.
Utandørs har dei måla tribunane til kunstgraset, skifta dør på kiosken og pussa den opp innvendig.
— I 2016 var det ganske nedslitne her. Så mykje at folk ikkje ville leiga lokalet. No står derimot folk nærast i kø, seier Aase.
Standarden på lokalet har vorte god nok til at det er mykje utleige. I helga skal eit bryllaup feirast med over 100 gjestar.
Løn for strevet
Ein kjem ikkje utanom den sosiale faktoren i dugnadsarbeidet. Når eit par titals karar skal møtast anna kvar veke, så vert det fort tid for kaffi, preik og ein venleg spøk.
Latteren går rundt i rommet når Aase saman med Thore Nærum og Sigmund Enerstvedt, prøver å finna ut kvifor golvvaskaren ikkje vaskar riktig. Etter å ha opna «panseret» kjem dei fram til ei løysing, og Enerstvedt køyrer nøgd avgårde.
Etter om lag to timar med arbeid vert dei frivillige ringde inn til langbordet. Der får dei servert brødmat og pålegg, sjølvsagt med nyleg trekt kaffi.
Torleif Bjelland er tydeleg på at det dei gjer har ein positiv verknad.
— Me har brukt mange tusen timar på oppussing. Eg trur kommunen sparar mykje pengar på det me gjer, seier Bjelland.
Han og Aase håpar at dei kan halda fram med dugnaden, og på sikt gjera klart eit nytt rom til utleige.
Dei vil at Sambrukshuset skal brukast. Men det er også fordi dei har ein stram økonomi.
– Sist straumrekning var på 32.000 kroner før straumstøtte, seier Aase.
– Utleige av lokalet er det på huset som skaper inntekter, seier Bjelland.