nyhende
Sender ut gult farevarsel for lyn og tore
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for torevêr og mykje lyn i fleire delar av landet.
Det er venta mykje lyn i delar av Trøndelag, Nordmøre, nord i Innlandet og i Rogaland og Hordaland.
– Torevêret vil starte i sør, og flytte seg nordover, skriv meteorologane i farevarselet.
Det vil vere variasjonar i intensitet og varigheit. Torevêret kan føre til brann i bygningar og i tørr vegetasjon eller skog.
Meteorologane oppmodar til å unngå utandørsaktivitetar i utsette område:
Annonse
– Unngå utandørsaktivitetar på utsette område, som på fjellet, i vatn eller på opne sletter. Unngå å vere det høgaste punktet i området. Søk ly medan torevêret går føre seg, men unngå å søkje ly under eit tre. Ikkje opphald deg i vatn eller i ein liten båt.