nyhende

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) åtvarar daglegvarebransjen mot å auke prisane meir enn nødvendig på onsdag. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Landbruksminister Sandra Borch (Sp) åtvarar daglegvarebransjen mot å auke prisane meir enn nødvendig på onsdag.

Sender åtvaring til daglegvarebransjen

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) åtvarar daglegvarebransjen mot å auke prisane meir enn nødvendig på onsdag.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Daglegvarekjedene og leverandørane har sjølv varsla nye kraftige prishopp frå 1. februar. Auka kostnader er blant argumenta, skriv VG.

– Det er ingen tvil om at auken i matprisar er krevjande for hushalda. Barnefamiliar blir òg ramma. Det er urovekkjande og krevjande å stå i. Det kjem på toppen av kostnadsvekst på ei rekkje andre område, seier Borch.

Ho seier at det er innført ei rekkje tiltak for å få meir openheit om prisdanning hos daglegvarekjedene.

Professor Øystein Foros ved Noregs handelshøgskole oppmoda førre veke til å ta storhandelen før prishoppet.

– Eg vil åtvare mot å gå i butikken i dag for å hamstre utan ein plan. Det kan bidra til meir matsvinn og at du kjøper meir enn du har behov for, seier Borch.

For å takle prisauken rår ho folk til å planleggje meir og betre enn før.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS