nyhende
Sende bekymringsmelding om bøndene til Støre
Lønnsemda til bøndene har aldri vore så låg som no, seier konsernsjef Anders Huseid til Nationen.
I tillegg til å sende bekymringsmeldingar, har han nyleg bede om eit møte med landbruks- og matminister Sandra Borch. Han meiner det trengst målretta krisepakker.
Konsernsjefen, som sjølv er bonde, påpeikar at utgiftene i landbruket har auka ekstremt.
– Diesel, kraftfôr, kunstgjødsel, plast og emballasje, straum, andre driftskostnader, lønn til tilsette og renter på lån er på veg opp. Auka krav fører til fleire arbeidstimar, seier han, og fortel at fleire bønder nyleg har bestemt seg for å leggje ned dyrehaldet.
– Det er allereie innmeldt heile besetningar rett over påske. Då er det ikkje i mai eller juni dei må få betalt, men no. Bøndene bruker fleire år på å byggje opp besetningar, og det er avl inni biletet. Så får vi ein kraftig reduksjon no, får det langsiktige konsekvensar, seier han.
Om lag 5000 bønder leverer dyra sine til Fatland, som igjen leverer kjøttprodukt til halvannan million nordmenn via Coop og Norgesgruppen.
– Fatland-bøndene er utruleg viktige for å halde varene i butikkane. Både Fatland og kundane våre ønskjer norsk kjøtt, vi er heilt avhengig av å ha alle bøndene vi har med oss vidare, seier Anders Hundseid.
(©NPK)