nyhende
Send inn Halloween-bilde
Knask eller knep? Snart er tida her, og me vil sjå korleis du feirar.
Halloween har for lengst blitt ein tradisjon i Noreg. Av fjorårets feiring, som vart noko redusert med tanke på korona, viser lesarbilete at allehelgensaftan også blir markert i Sveio av både vaksne og barn.
Send inn bilde frå di feiring til tips@vestavind-sveio.no eller #vestavindsveio på Instagram. Det er ekstra kjekt om de tar med namn og etternamn på dei som er avbilda. Me lagar eit album i nettavisa i løpet av helga om det kjem inn over 10 bilde.
God feiring – hugs å skru av utelampa om du ikkje ønskjer at utkledde barn dingar på døra di på søndag.