Det nærmar seg nasjonaldagen, og me vil gjerne få tilsendt mange bilder frå alle krinsar i Sveio, stort og smått. Nokon skal kanskje ta del i markeringane som er sett opp i programmet, medan andre har private arrangement. Det skal vera kortesjer både på veg og vatn, gudstenester og talar. Avbilda personar må gi sitt samtykke til at dei kan koma i Vestavind, ta gjerne med namna deira og.
Send inn dine bidrag til redaksjonen@vestavind-sveio.no eller bruk #vestavindsveio på Instagram, så lagar me eit album i nettavisa på kvelden. Nokre kjem i avisa på torsdag også.