nyhende
Seminar om forebygging av overgrep
Laurdag 26. april inviterer Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn til seminar om forebygging av overgrep. Seminaret er ope for alle, og overgrep mot barn og unge vil få særleg merksemd.
Bakgrunnen er det store talet overgrepssaker som blir rulla opp og får merksemd, samstundes som mange fryktar store mørketal. Alle som arbeider med barn og unge, i skule og barnehage, kyrkjelydar og frivillige organisasjonar, risikerer å møta nokon som har vore utsette eller er i faresonen. Korleis kan ein bli betre til å tolka signala, og kva kan gjerast for å avverga eller hjelpa?
Føredragshaldaren som skal svara på desse og mange andre spørsmål er Sven Martin Ege, politimann i Oslo og engasjert i problematikken kring overgrep også gjennom frivillig arbeid. Han har tidlegare undervist på fleire liknande seminar på Haugalandet.
Seminaret varer kring tre timar inkludert pause med enkel servering.