nyhende

Forbrukartilsynet varslar forbod og høge vekebøter dersom selskapa fortset med ulovlege fakturagebyr.
Forbrukartilsynet varslar forbod og høge vekebøter dersom selskapa fortset med ulovlege fakturagebyr.

Selskap med ulovlege fakturagebyr blir trua med millionbøter

Forbrukartilsynet varslar forbod og høge vekebøter til selskap med ulovlege fakturagebyr.

Publisert Sist oppdatert

Etter Forbrukartilsynets syn krev Convene AS, Telenor Noreg AS og Telia Norge AS ulovleg høge fakturagebyr frå forbrukarar. Det skriv Forbrukartilsynet i ei pressemelding.

No har dei varsla selskapa om at dei vil gjere vedtak som forbyr den ulovlege praksisen.

Kan ikkje overstiga faktisk kostnad

– Vi ser alvorleg på at mange næringsdrivande ikkje følgjer reglane i lova som avgrensar storleiken på fakturagebyr. Her er det openbert mange bransjar og selskap som må setje seg inn i lovverket og snarast mogleg endre praksisen sin for å unngå lovbrot, seier direktør Trond Rønningen i Forbrukartilsynet.

Lova seier nemleg at eit gebyr for å få ein faktura ikkje kan overstige den faktiske kostnaden for selskapet med å fakturere.

Ice Communication AS valde å endre praksisen sin etter at Forbrukartilsynet opna ei tilsynssak mot dei tidlegare i haust.

Millionbøter

Dei tre andre selskapa har fått frist til å endre praksisen sin seinast 18. januar 2024.

Om dei ikkje overheld fristen, vil dei risikere høge vekebøter.

– Vi har varsla Convene om ei bot på 3 millionar kroner per veke om dei eventuelt held fram med praksisen, medan Telenor og Telia har fått varsel om vekebøter på høvesvis 2,2 millionar kroner og 1,3 millionar kroner, heiter det i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS