nyhende

Flokehyttene på Ryvarden er like populære som før.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Flokehyttene på Ryvarden er like populære som før.

Selde ut haust-helgene 2023 på minuttar, men vil vente med sjette Flokehytte

Drøymde du om ei helg på ei Flokehyttene på Ryvarden neste haust, sa du? Det kan du truleg gløyme om du ikkje fekk ut fingeren torsdag føremiddag. Men sjølv om etterspurnaden er enorm, vil turistforeininga vente med å bygge ei sjette hytte.

Publisert Sist oppdatert

Det var ikkje gått mange minuttane frå bestillinga for Flokehyttene hausten 2023 var opna, før alle helgene var booka for alle dei fem hyttene.

Dei fleste har bestilt på nett.

— Men det har også kokt på telefonen, seier dagleg leiar Tore Haugen i Haugesund Turistforening, som eig og driv Flokehyttene.

Heile 2023 nærmast fullbooka

Turistforeininga var litt spente på korleis responsen skulle bli, etter det som har vore ei interesse over alle forventning frå dei opna og gjennom pandemien.

— Det er ingenting som tyder på at interessa er blitt mindre, slår han fast.

Då Vestavind sjekka i 11-tida var det framleis mogeleg å bestille overnatting på vekedagar, men helgene var altså tatt, med unntak av ein del ledige natt til måndagar.

Alt tydar på at alle nettene på Flokehyttene i 2023 blir selde.

Og for ordens skuld, også våren og sommaren 2023 er tatt, for lengst.

Lagt merke til i heile landet

Flokehyttene har blitt ein pengemaskin for Haugesund turistforeining

— Det betyr sjølvsagt noko for økonomien, og det er positivt. Men det er like kjekt at Haugesund Turistforening blir lagt merke til i heile landet. Flokehyttene gir ein veldig synlegheit for foreininga, slår han fast.

Ifølgje Haugen er det mange lokale som bestiller overnatting i havgapet i Sveio.

— Men det er også ein del som kjem reisande til regionen for å oppleve hyttene på Ryvarden, seier han.

Sjette hytte på vent

Det står fem hytter på Ryvarden. Og foreininga har opsjon på ei til. Men førebels er det ikkje planar om å nytte seg av den.

Tomta til den sjette ligger litt lenger aust for dei fem andre, og er ferdig regulert til formålet.

Turisoforeininga har opsjon på bygging av ei sjette Flokehytte, i retning mot kamera, men vil vente med det.

— Det er snakk vel om 50-100 meter unna dei andre, og det vil vere ein del kostnadar mellom anna for å føre fram vatn og kloakk. Me har snakka om det, men førebels har me ingen planar om å bygge ei sjette hytte, seier han.

Men han legg til at me rushet dei har opplevd torsdag, så kunne dei nok fått ei fin omsetnad også på ei sjette hytte.

Powered by Labrador CMS