nyhende
Selde 9.990 egg på vel ein time
Eigentleg er utleveringa på Rekoringen sett til ein halvtime. Når 333 brett egg frå Sveio skal skifta eigarar er det ikkje nok.
Torsdag var det utlevering Haugesund, og Sveio egg hadde med seg 333 brett som var bestilt av 175 kundar.
– Det er der taket er på kor mykje me klarar å produsera for sal til ei utlevering. I utgangspunktet er det sett av ein halvtime til å levera ut varene, men det er heilt umogeleg å handtera så mange kundar på den tida. Torsdag gjekk det nok ein time og vel så det. Med 175 kundar blei det veldig hektisk, og det gjeld å halda hovudet kaldt, seier Jan Holger Hamre.
– Er det D-vitaminskandalen som gir toppsal?
– Den gir kanskje litt ekstra, men det har vore slik i halvanna år på grunn av den generelle eggmangelen. Det er ikkje kvar gong me sel så mykje, men faktisk ganske ofte, seier Hamre.