nyhende

Først og fremst er det seniorar og handverkarar som er dei mest trufaste kjøpegruppene for «dum-telefonar». Men Elkjøp seier stadig fleire yngre kundar har vist interesse.
Først og fremst er det seniorar og handverkarar som er dei mest trufaste kjøpegruppene for «dum-telefonar». Men Elkjøp seier stadig fleire yngre kundar har vist interesse.

Sel fleire «dum-telefonar» til unge

Mange unge ser nytten av å vere heilt avlogga på smarttelefonane sine. Ein medieforskar frårår derimot reguleringar i skulen, aldersgrenser og å kvitte seg med smarttelefonen heilt.

Publisert Sist oppdatert

Barn og unge har i fleire år hatt skjermar tilgjengeleg overalt. På skulen og i fritida har nettbrett, mobiltelefonar og dataskjermar blitt ein del av kvardagen.

No er det endringar på gang. Mellom anna har det kome ei nasjonal tilråding om mobilfrie skular, ei varsla aldersgrense på sosiale medium (Some) og ifølgje Elkjøp er det fleire yngre kundar som no ønskjer seg ein «dum-telefon».

Ein trykkjetelefon, også kalla «dum-telefon» er ein mobiltelefon med tastar som manglar internett og derfor berre kan utføre standard-funksjonar som å ringe og sende tekstmeldingar.

– For mange av oss som hugsar desse telefonane som våre første mobilar på midten av 90-talet kan det vere vanskeleg å forstå, men «dumme» mobiltelefonar er overraskande populære, seier Kristian Willanger, kommunikasjonssjef hos Elkjøp.

Seniorar, handverkarar og yngre

Elkjøp, som sel dum-telefonar, seier det ikkje er ein eksplosiv salsauke, men det har vore eit stabilt sal som aukar i samband med ei dreiing mot yngre målgrupper.

Først og fremst har det vore seniorar og handverkarar som har vore dei mest trufaste kjøpegruppene for denne typen telefonar, fortel Willanger. Seniorar fordi desse telefonane er enklare å bruke, handverkarar fordi dei er meir robuste og har lang batteritid.

– I det siste har vi merka oss ei auka interesse frå yngre kundar, som vi ser i samanheng med eit ønske om å vere meir avlogga. Ein «dum» telefon, utan appar og nett-tilgang, gir avgrensingar som gjer det lettare å ta ein pause og komme seg unna det digitale livet for ei stund, seier Willanger.

Først og fremst er det seniorar og handverkarar som er dei mest trufaste kjøpegruppene for «dum-telefonar». Men Elkjøp seier stadig fleire yngre kundar har vist interesse.

Petter Bae Brandtzæg er professor og medieforskar ved Universitetet i Oslo. Han seier at nordmenn har fått auka medvit om korleis smarttelefonane og appane påverkar oss i det daglege.

– Smarttelefonane har blitt ein del av oss, samtidig kjenner mange på kroppen at telefonen og Some har blitt ei utfordring. Det må vi ta på alvor, særleg i skulen. Problemet er at det er vanskeleg å handheve slike forbod.

Tilrådingar og forbod

Han meiner teknologi kan bli brukt bra og dårleg. Det gode er dei mange måtane smarttelefonen med alle appane gjer kvardagen vår enklare. Det dårlege er mellom anna lite personvern, uønskt overvaking, distraksjon i kvardagen og endelaus skrolling som går ut over helsa.

– Mange unge menneske brukar telefonen til skrolling, som går ut over søvn og hovudverk, og blir opplevd som meiningslaust. Det handlar òg om kva appar ein brukar. Tiktok er eit typisk skrollemedium. Det er lagt opp til å skrolle heile tida.

I februar kom det ei nasjonal tilråding om å ikkje tillate mobiltelefon i skulen. Onsdag 23. oktober sa regjeringa at ho vil innføre ei absolutt aldersgrense på 15 år på sosiale medium, og lover at dei kjem til å handheve lova mykje strengare enn i dag.

Ein smart og ein dum

Brandtzæg seier for mykje av slik regulering endar opp hos den enkelte.

– Det skapar mykje arbeid for skulane og foreldra, og individet sjølv. Mykje av reguleringa blir dytta nedover i systemet.

Han meiner vi heller bør ha ein annan type mobil til barn fram til dei er 15 år, i staden for aldersregulering og forbod.

– Vi kunne regulert oss sjølve, men ikkje alle har same føresetnad for sjølvregulering. Spesielt ikkje barn som er 10–12 år gamle. Ikkje alle vaksne heller. Nokre tar steget og kvittar seg med smart-telefonen, andre vel å ha to telefonar: ein smart og ein dum. Det kan vere meir realistisk enn å kutte smarttelefonen heilt. Då kan ein få kvile frå smarttelefonen i periodar. For det blir vanskeleg og komplisert å leve utan.

«Dum-telefon», eller trykkjetelefon, er ein mobiltelefon med tastar som manglar internett og kan derfor berre utføre standard-funksjonar som å ringje og sende tekstmeldingar.
Powered by Labrador CMS