nyhende

Sekken full av penal

Pernille (6) har alt klart til skulestart, og ikkje mindre enn fire penal i sekken. Storesøster Vilja (12) gjer det ekstra trygt å bli skulejente.

Publisert Sist oppdatert

Me treff dei hos besteforeldre Solveig og Bjørn Brynjelsen i Auklandshamn. Til vanleg bur søstrene like ved golfbanen.

Pernille skal starta i 1A på Sveio skule, medan Vilja begynner i 7A. Pernille fortel at ho har gledd seg til første skuledag i eit halvt år.

Har gjort leksene

– Kva gler de dykk mest til?

– Friminutta, seier Pernille, bestemt, og

Ho fortel at ho har vore på skulen før.

– Der var me rundt og såg på forskjellig, og så fekk me litt lekser. Dei har eg gjort. Og etter skulen skal eg på SFO, seier ho.

– Når du har korte dagar dagar. Når det er lange dagar skal du reisa heim, skyt storesøster inn.

Nye klassekameratar

Vilja ser fram til å får tre eller fire nye klassekameratar.

– Då blir me 18 eller 19 i klassen. Det er bra med litt fornying. Eg kjenner to av dei frå før. Me er på same håndballag, fortel Vilja, som ikkje har sekk lenger, men ei veske som toler vatn.

Pernille følgjer faktisk i storesøster sine fotspor i avisa også. Vilja ble intervjua då ho begynte i første, men hugsar ikkje så mykje frå det.

Spreke badenymfer

Sjølv om dei ser fram til å begynna på skule igjen, gjeld det å nyta sommarferien så mykje dei kan før dei må begynna å stå tidleg opp igjen. Når Vestavind er ferdig med praten skal dei med mormor og bess på båttur til Langevåg og kjøpa is.

– Og kanskje bada. 1. mai bada me første gong i år. Me badar masse, og me bada i går også, fortel Pernille.

Mormor legg til at det berre var 10 grader i sjøen 1. mai. Dei to søstrene er definitivt ikkje pyser!

Både Pernille og Vilja likar å synga og er og har vore med i Sveio barnekor. Begge var med under Moster 2024, og her har mormor fanga Pernille i aksjon:

Powered by Labrador CMS