nyhende
SAS har avlyst 46 flygingar
SAS har måndag førebels kansellert 46 flygingar til og frå nokre av dei største flyplassane i landet på grunn av streiken blant kabintilsette.
Råka mange søndag
Teljinga tek utgangspunkt i avgangar frå flyplassar innanlands, og dessutan innkomstar frå utlandet.
Søndag vart over 40 SAS-flygingar innstilte på grunn av streiken. Til liks med måndag var det også då snakk om både innanriks- og utanriksruter.
Parat varslar at det kan bli møte mellom partane i SAS-streiken. SAS stiller seg positive, men vil ikkje stadfeste noko.
Ny kontakt i dag?
– Det kan bli eit avklarande møte i ettermiddag, seier Martinus Røkkum i SAS Norge kabinforeining til NRK.
Det skal vere kontakt mellom partane også no på morgonen.
– Vi registrerer utsegnene frå Parat og stiller oss positive til nye samtalar, seier pressesjef Øystein Schmidt i SAS til NTB.
Han legg til at detaljar om eit eventuelt møte må komme frå riksmeklaren. NTB har prøvd å komme i kontakt med riksmeklar Mats Wilhelm Ruland, men utan å lykkast.