nyhende
Sankthans på Strando: – Rekordomsetning
Sola skein og stemninga var på topp då sankthans vart feira på Strando i Førde. Øvst på lista for mange barn var å prøva den nye leikeplassen.
– 1, 2, 3! ropa ordførar Linn Therese Erve (Ap) i mikrofonen.
Titals med barn kom springande bortover stien mot den nye leikeplassen i Førde. Fredag vart den offisielt opna samstundes som nokre hundre personar vart samla for å feira sankthans på Strando.
For barna var det eit flunkande nytt klatrestativ, ein universelt utforma karusell og eit vikingskip å leika med. På plass var også ein petanque-bane, som er eit ballspel som minner om Bocca.
Sterk dugnadsånd
Ei av dei klatrande i stativet var ordføraren sjølv.
– Eg fekk klatra litt. Eg føretrekk stativet, men eg var dessverre ikkje praktisk kledd for anledninga, sa Erve.
Ho gledde seg til å prøva ut petanque-banen.
– Eg tenkjer å invitera til ei turnering med dei andre politikarane, humra ho.
Forutan leik og moro peika ho på at den nye leikeplassen er eit av anlegga som har fått midlar frå kommunen gjennom programmet deira «nærmiljø og sosiale møteplassar».
Leikeplassen har også motteke midlar frå fleire private aktørar, mellom anna Rex Garden.
– Dugnadsånda står sterkt her i Førde. Eg er imponert og stolt over alt dei får til og all aktivitet dei skapar. Tusen takk for innsatsen, sa ho under opninga.
Turnering
Overalt kor det var gras og benkar kunne ein sjå sitjande familiar, venar og smilande folk.
Undervegs i feiringa vart det heldt ei volleyball-turnering med dommarar. Tor Inge Flåten og Førde Bygdalaget melder at vinnaren ikkje var dei sjølv, men ein felles frende for Førde.
– Det var Ungdomslaget i Førde som vann tevlinga, seier Flåten.
Ungdomslaget leiast av Vibeke Helgesen, Linda Sæverhagen og Anette Hammer Nerland.
Tre andre førdebuar som gjer ein jamn innsats for å skapa rørsle i bygda.
Flåten er generelt svært nøgd med korleis kvelden gjekk, og ikkje minst at Strando er klar for sommaren. Han gjev ros til alle som har vore med på dugnadsarbeid, og ikkje minst private gjevarar.
Gjekk mykje pølser og brus
At det ikkje vart noko bål verka ikkje til å stogga stemninga sidan kiosken heldt opent. Der sto mellom anna Synne Kristiansen og Kristine Jirgensone.
Duoen serverte svoltne besøkande med pølser, brus og is. Leiaren i bygdelaget seier dei i kiosken gjorde ein svært god jobb, og viser til salstala.
– Det vart rekordomsetning. Me selde for over 9200 kroner, seier Flåten nøgd.
– Kva gjekk det mest av?
– Pølser utan tvil, og så mykje krone-is, svarar han.
Flåten fortel at det er vanskeleg å vita nøyaktig, men at minst 150 frå heile kommunen var til stades. Arrangementet tok slutt i åtte tida.
– Då vart me igjen for å rydda, og så spela me petanque, seier Flåten.