nyhende

Sand, sol og volleyball

På sandbana mellom jungelløypa og Sambrukhuset har det vore yrande liv i starten av skuleferien. Her har 18 4.-6. klassingar vore med på volleyballskule.

Publisert Sist oppdatert

– Det har vore gøy, men litt sandete, er oppsummeringa frå ein kvartett klassekameratar frå Vikse skule. 9- og 10-åringane Herman, Markus, Bjørn Tore og Simon har gått på med friskt mot på sandvolleyballskule dei tre første dagane i skuleferien.

– Me har spelt kamp, lært oss med volleyball og blitt veldig gode, seier Markus, før han går inn til fruktpause.

Meistring

Fem av ungdomane i volleyballen var med som aktivitetsleiarar.

– Det har gått veldig fint. I dag var det regn, og då var dei litt utålmodige, men ellers veldig glade, og mange har lyst til å starta på volleyball, smiler Sunniva Rossebø (16).

Viktigast er at alle kan få kjenna på meistring og progresjon på dagane med volleyballskule. Då er minivolleyball, eller minisandvolleyball i dette tilfellet, ein fin og mjuk start for dei som er nye i gamet. Det har blitt øvd på ulike slag og teknikkar – dagane har og bestått av leik og matpausar.

I vinden

– Volleyball kan vera ein teknisk vanskeleg sport, slik at alle under 13 år spelar nivådelt minivolleyball med to-tre spelarar på bana om gongen, forklarar seier Marthe Olesdatter Sveen Kallevik, leiar for volleyballgruppa.

Marthe Olesdatter Sveen Kallevik, leiar for volleyballgruppa i Sveio IL.

Sandvolleyball er i vinden, idrettslaget har til og med fått støtte frå Norges Volleyballforbund som har laga konseptet – det har ikkje skjedd tidlegare år, når volleyballskulen har vore i hallen. Å flytta ut var ei lett avgjerd.

Rekruttering til hausten

– Me var redde Vigdartun ville bli stengt, på same tid er det koronavennleg å ha volleyballskule ute. Og me fekk sol mesteparten av tida, smiler Kallevik, som håpar å sjå alle deltakarane igjen til hausten.

Lokalt har det vore lite rekruttering sidan korona kom, og naturleg nok har det blitt litt fråfall, men på landsbasis har det vore vekst.

Turneringar

For dei som har lyst til å spela sandvolleyball på bana utanfor Sambrukshuset i sommar, kan følgja med på Sveio IL Volleyball på Facebook.

– Me kjem til å ha gratis turneringar for 7. klassingar og oppover til 20-årsaldaren, ein treng ikkje vera medlem for å spela, seier Kallevik, som ønskjer å gi ein skikkeleg honnør til foreldre som har stilt opp dei tre dagane, og ikkje minst ungdomane.

– Me ville ikkje klart oss utan. Dei har gjort ein fantastisk jobb!

Fredagen på volleyballskulen var det ekstra kos med grilling. Fleire av ungane skryt over leiarane, og ryktene seier at slutten på dei tre dagane skulle avsluttast med ein skikkeleg vasskrig!

Powered by Labrador CMS