nyhende

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) leia frå kommunestyresalen, medan flesteparten av medlemmene var med via skjermar frå heimane sine.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) leia frå kommunestyresalen, medan flesteparten av medlemmene var med via skjermar frå heimane sine.

Samrøystes ja til badeanlegget

Ordførar inn Therese Erve (Ap) var med på å skriva historie då ho måndag opna tidenes første digitale kommunestyremøte i Sveio. På dette historiske møtet blei det mellom anna gjort samrøystes vedtak om å gå vidare med planane for badeanlegg ved Vigdartun.

Publisert Sist oppdatert

I formannskapet blei det stemt over to mest like forslag, eitt frå Arbeidarpartiet og eitt frå Framstegspartiet. Ved starten av kommunestyret si behandling la Rune Teikari (Frp) fram eit felles forslag for ein brei allianse som 18 representantar hadde stilt seg bak.

Berre Senterpartiet var imot og la fram sitt eige forslag som var identisk med rådmannen si tilråding, altså skrinlegging av planane.  Sp-representantane Ole Velde og Dagfinn Bjørge gjorde det klart at dette var av omsyn til økonomien.

Referansegruppe

Dei var sæleg urolege for drifta av anlegget. Ved avrøystinga fekk Sp-forslaget berre fem røyster. Heile kommunestyret samla seg deretter om fleirtalsforslaget.

Ein viktig skilnad mellom formannskapstilrådinga og vedtaket som blei gjort av kommunestyret, er at politikarane nå har valt ei politisk referansegruppe som skal følgja arbeidet med planane.

Gruppa er sett saman av dei fire formannskapsmedlemmene Håkon Skimmeland (Ap), Rune Teikari (Frp), Lars Einar Hollund (H) og Jarle Jacobsen (KrF).

Ein milepæl

Rådmannen foreslo å gjera heile formannskapet til refransegruppe. Gruppa ville då vore vedtaksfør. På vegne av forslagsstillarane avslo likevel Teikari denne tanken fordi han då meinte at gruppa ville bli for stor og tungrodd.

Fleire av dei som elles hadde ordet, understreka at det har vore arbeidd med planar for badeanlegg i ti-tolv år. Såleis var det også ein milepæl som blei nådd ved at politikarane endeleg greidde å samla seg om eit samrøystes vedtak.

Det digitale kommunestyret blei elles avvikla utan nemnande tekniske problem.

Powered by Labrador CMS