nyhende
Samrøysta om Vestland
Sveio formannskap gjekk onsdag inn for at kommunen framleis skal vere i Vestland fylke. Det er i tråd med resultatet av folkerøystinga sist veke. Politikarane nytta høvet til å stille klare krav til Vestland.
Spørsmålet om eit eventuelt fylkesbyte vart handsama første gong etter folkerøystinga av formannskapet onsdag kveld.
Det vart som venta ingen diskusjon om kva vei partia ønskjer at kommunen skal gå. Alle vil lytte til resultatet av folkerøystinga, som viste 56 prosent ville bli verande i Vestland.
— Ryddig
Rune Teikari (Frp) gav uttrykk for at det er rett å respektere resultatet av folkerøystinga i ei sak som ikkje har vore nemnd i noko valprorgram eller på anna vis vore signalisert vile kome opp i kommunestyreperioden.
— Difor er det ryddig, sa han.
Han trakk samtidig fram at prosessen har fått i gang nyttige debattar. Mellom anna om fylket sitt samferdsle-selskap, Skyss, sine takstsoner. Og om ein mogeleg forskriftsfesting av Sveio-ungdomen sin rett til å søke vidaregåande utdanning i Haugesund.
— No er det viktig å nytte denne prosessen til å jobbe vidare med desse sakene, slik at dei ikkje blir ein del av ein gløymd debatt, sa han.
Hans partifelle, varaordførar Ruth Eriksen, la til at ho vil ha med seg alle sunnhordlandskommunane i eit arbeide for å styrke regionen sin posisjon i det nye Vestland fylke.
— Sveio og Sunnhordland lir under mangelen på ein administrativ ressurs i fylkt, som kan jobbe med saker for oss i sør inn mot fylket, sa ho.
Ho viste til at Sogn og Fjordane har ein slik ressurs, og at det har vore nyttig for den regionen, mellom anna i arbeid med takstsonene til Skyss.
Sveio først
Lars Einar Hollund (H) la vekt på at det er viktigast å ha mest mogeleg tankar om Sveio i tida som kjem.
— Me må gjerne ta med oss Sunnhordland. Men fylkesleiinga har følgd Sveio sin prosess kring saka om fylkestilhøyrsle nøye, og no er det viktig for fylket å bry seg om Sveio. Og no er det opp til oss å stille krav, sa han.
Også Hollund trekte fram Skyss sine takstsonene som ei viktig sak.
— At me skal betale 60 kroner for å ta buss til vårt regionsenter, mens dei andre slepp unna med 40 kroner, er ikkje bra, sa han.
Jarle Jacobsen (KrF) la til at når alt kjem til alt handlar det om politisk innflytelse.
— Eg trur me må gå i oss sjølve, og gjere ein jobb for å heie på sunnhordlandskandidatar når vi kjem til nominasjonsprosessen neste år. No er vi ekstremt underrepresentert, sa han og viste til at blant dei 67 fylkestingspolitikarane, så er det berre fire frå Sunnhordland.
Glad for at 16-åringane fekk røyste
Håkon Skimmeland (Ap) nytta debatten til å gi ros til kommunestyret som let alle ungdommar fødde i 2005 eller tidlegare delta i folkerøystinga.
— Utan at eg har nokre tal, så veit eg at blant ungdomane eg har hatt ein prat med, så har det vore eit visst engasjement. Det synes eg er kjempebra. Det er tross alt dei som skal vere førstegongsveljarar ved neste lokalval, sa han.
Jarle Jacobsen (KrF) var ikkje heilt overbevist om at det var så stort engasjement blant dei unge. Han viste til at når han sto på stand snakka med innbyggaranen om saka, var det fleire vaksne som ikkje eingong forstod heilt kva eit fylkesbyte handla om.
— Nokre trudde det handle om sjukehus, dei hadde ikkje eingong fått med sjukehusreforma, sa han.
Etter debatten fremja Rune Teikari (Frp) fellesforslag om å ikkje gå vidare med sak om byte fylkestilhøyrsle, som vart samrøysta vedtatt i formannskapet av Ap, Frp, Sp, H og KrF.