nyhende
Samlebølgje vart til nettbutikk
Ei ny samlebølgje er i ferd med å slå inn over Haugalandet. Det skuldast truleg to vaksne brør med sin eigen nettbutikk med base på Tveit i Sveio.
— Det er etter kvart ganske mange me har snudd om, frå at dei vil selje kortsamlingane sine, til at dei har blitt hekta og i staden blitt kundar hos oss, smiler brørne Alf (39) og Malvin (36) Munthe.
I eitt år har dei drive nettbutikken «Livet er kort». Gjennom den formidlar dei både kjøp, sal og byte av basketballkort, fotballkort og Pokémon-kort. I tillegg arrangerer dei byttedagar omtrent anna kvar laurdag. Som oftast går dei føre seg i eit lokale dei leiger av Kyrkjas Bymisjon i Kopervik. Men nyleg var dei også til stades under ein haustmarknad i Sveio sentrum.
— Ein gutunge kjøpte først ein pakke Pokémon-kort. I den fekk han eit såkalla gullkort, som er verd 250 kroner om ein vil selje. Då såg me at mora til guten også vart meir ivrig, så han fekk handla seg ein pakka til. Og der dukka det opp eit endå sjeldnare kort, som er verdisett til 1.800 kroner.
Men guten gav i følgje Alf klar melding om at det kortet skulle han i alle fall ikkje selje.
— Det er det kjekkaste, når me treff folka som ikkje samlar for pengane si skuld, men for sjølve samleinteressa, seier dei.
For det er det som er målet deira, å bidra til auka interesse for hobbyen dei sjølv held så høgt.
Hobby
Dei byrja sjølv å samle basketballkort som gutungar på 1990-talet. Etter kvart som dei vart eldre vart korta lagt vekk. Men under koronapandemien leita Alf fram samlinga si.
— Eg satt der og såg gjennom korta, sjekke litt rundt om det var plassar å få tak i. Men så selde eg heile samlinga. Og angra som ein hund etterpå, fortel han.
For i mellomtida hadde broren Malvin også funne fram si samling. Og byrja å samle igjen. Så såg dei også på Facebook at det var samlarmiljø på veg opp. Og når fleire gamle kameratar også ga uttrykk for at dei var interesserte, så fann dei ut at dei vil starte opp ein liten nettbutikk. Den driv dei ved sida av deira eigentlege jobbar. Alf har jobb offshore, noko som tillét han å bruke ein del tid på nettbutikken når han er på land. Malvin, som er den som stiller lokale til nettbutikken i kjellarstua på Tveit, jobbar til dagleg i anleggsbransjen.
Dei anslår at det er 150.000 samlarar berre i Noreg, når ein tel med både basketball, fotball, Pokémon og ishockey-kort. Millionar på verdsbasis. Korta ein byter er produsert av store aktørar. Når det kjem til basketball og fotball er det produsenten Panini som er den dominerande. Dei held til i USA, og seljer ikkje dei mest populære korta utanfor eigne grenser. Det betyr at nettbutikken på Tveit må importere via mellomledd i Amerika.
Direktesending
Med jamne mellomrom arrangerer dei det dei kallar for breaks på Facebook-sida til nettbutikken. Det er ei direktesending kor folk kan kjøpe pakkar med kort på førehand. Så blir pakkane opna på direkten, og dei som ser på kan der og då kommentere og bytte kort på direkten. Ideen med slike sendingar kjem frå USA, kor fleire aktørar arrangerte slike livesendingar under koronapandemien.
— På den måten treng ein ikkje å kjøpe eit stort tal med pakkar i jakta på spesielle kort dei er på jakt etter, forklarar dei.
For det er slik at mange som samlar gjerne samlar på kort frå eit bestemt lag, eller kort med bestemte spelarar.
Nokre av dei mest gjeve korta er dei som er blitt signerte av idrettsutøvarane det er bilde på, før dei er putta i pakka hos produsenten. Munthe-brørne hentar til dømes fram eit kort signert av den tidlegare Real Madrid-spelaren Gareth Bale frå Wales.
— Verdien på disse korta går litt opp og ned etter kor populære spelarane er, fortel dei.
Nokre kort er kanskje signert av ein spelar nokon knapt har høyrt om når han signerer for klubben sin, og seinare på eit kort. Og så, om karrieren deira går til himmels, så følgjer gjerne verdien av kortet han har signert på proporsjonalt i verdi.
50 millionar kroner
Nokre kort blir det berre lagd eitt av. Og neste veke kan det bli sett ny verdsrekord. Då skal eit kort av basketballspelaren Luka Doncic seljast på auksjon. Ifølgje rapportane ble det betalt 4,6 millionar dollar, eller 50,1 millionar norske kroner, for kortet i ein privat handel i mars 2021. Og no er det første gong det blir tilgjengeleg på ein offentleg auksjon.
Til slutt eit viktig råd frå kjellarstua på Tveit til alle samlarar.
— Ta godt vare på korta dine. Ha beskyttelse rundt kvart kort, og legg dei gjerne i album. Blir dei liggande i ei lomme blir dei fort slitte i kantane, og fell i verdi av den grunn, seier dei.