nyhende
Samlar seg om symjehall ved Vigdartun
– Fleirtalet ønskjer å arbeida vidare med planar for eit badeanlegg i Sveio plassert ved Vigdartun.
Slik summerer ordførar Linn Therese Erve (Ap) opp behandlinga av denne saka i alle dei tre hovudutvala måndag kveld. Både Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet hadde forslag som gjekk i same retning når det gjeld vidare planlegging og plasseing ved Vigdartun.
Rådmannen sitt forslag var å avslutta planlegginga av badeanlegg i denne omgang. Dette forslaget fekk berre støtte frå Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne sine representantar. Saka går nå vidare til formannskapet 20. april og kommunestyret 27. april.
Sjølv om både Ap, Frp og H, med støtte frå dei to uavhengige repesentantane, er samde om vidare planlegging av badeanlegg ved Vigdartun, er det også nyansar mellom forslaga.
Sentrumsplanen
– Frp og H er for eksempel samde om å halda på budsjettrammene som frå kommunestyrevedtaket i juni i fjor. Dette seier ikkje Ap noko om. Frp vil gå i gang med reguleringsarbeid med ein gong, me vil trekkja med oss sentrumsplanen i dette arbeidet, seier John Kristian Økland (H).
Frp vil dessutan gå i gang med ny veg til området snarast og gjera dette til ei sak for seg.
– Måten reguleringsarbeidet skal gjennomførast på, blir eit viktig spørsmål å avklara, seier ordføraren.
På grunn av litt ulik samansetjing fordelte stemmene seg litt ulikt på forslaga i hovudutvala for oppvekst/kultur, teknisk/næring og helse/omsorg.
Stor sak
Bygging av eit folkebad i Sveio var ei av dei store sakene i forrige kommunestyreperiode. På eitt tidspunkt gjorde kommunestyret vedtak om å byggja anlegget i samarbeid og samlokalisert med Albatross Senter.
Forhandlingane med Albatross førte ikkje fram, og kommunen kjøpte derfor inn ei tomt aust for kyrkja til badeanlegget. Betydeleg kostnadssprekk førte til at byggeplanane blei stoppa i juni i fjor.
Rådmannen innstilte også den gongen på å skrinleggja planane heilt, men kommunestyret ba samrøystes administrasjonen om å utgreia alternativ for eit mindre og rimelegare anlegg. Det er denne utgreiinga som nå ligg føre.
Fleire nye alternativ
Den nye utgreiinga inneheld fleire alternativ. Arkitektfirmaet Vikanes Bungum har utarbeidd ei skisse for ein symjehall mellom Vigdartun og idrettsbanen. I dette alternativet er det også skissert plassering av ein framtidig idrettshall bak badeanlegget.
Bygging av eit mindre anlegg aust for kyrkja, eventuelt i samlokalisering med andre publikumsretta tilbod, er også nemnt i saksutgreiinga.
Albatross Senter AS melde oppbod i mai i fjor, har kome på banen med eit nytt tilbod om samarbeid med kommunen om bygging av badeanlegg.
Endå eit alternativ har kome frå Haugesund Triathlonklubb om skulesymjing og symjeopplæring i symjehallen som klubben nå byggjer i Haugesund.