nyhende

Samla lokalavisene på Ryvarden

Vestavind har vore vert og teke med fleire lokalaviser til Ryvarden for ei samling. Der fekk avisene læra om kvarandre, og sjå ein av Sveio sine vakraste utsikter.

Publisert Sist oppdatert

Tidleg torsdag ettermiddag vart parkeringsplassen til Ryvarden Kulturfyr ei samlingsplass for lokalaviser.

Sulldalsposten, Tysvær Bygdeblad, Grannar og Ryfylke var dei som vitja Vestavind denne gongen. Blant dei til stades var tidlegare redaktør i Vestavind, Torstein Tysvær Nymoen, no redaktør i Grannar.

Over god mat og prat har dei tilsette i avisene utveksla erfaringar, snakka om bransjen og teke bilete av utsikta.

– Me er svært nøgde med å få besøk av så flotte kollegaer, seier redaktør Ellen Marie Hagevik.

Ordførar André Mundal Haukås (H) møtte opp torsdag for å ynskje bladfykane velkomen til Sveio. På fyret møtte han sin politikerkollega varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp), som stod for serveringa av god mat til gjestane. Eriksen hausta svært god kritikk for matlaginga hennar.

Frå måndag av er Vestavind tilbake igjen på kontoret og klar for å dekka nyheitsbiletet i Sveio.

Powered by Labrador CMS