nyhende
Samla inn pengar til barnekreftforeininga
Vel 80 små og store – berørte, familie og vener – var med på eit heilt spesielt arrangement søndag. Nokre rei, nokre køyrde kjerre, og andre gjekk på beina.
Det var Sveio rideklubb i samarbeid med Bømlafjord heste- og hundesenter som inviterte til velgjerdsrittet «Ri med meg» med start på Tjernagel. Startkontigenten gjekk til inntekt for Barnekreftforeininga, og med gåver har dei til no samla inn over 23.000 kroner. Det er framleis mogeleg å gje via «Ri for meg»-sida på nettsida til Barnekreftforeininga.
Alle deltakarane fekk startnummer, panneband og medalje som bevis for at dei hadde vore med. Turen tok knappe to timar, og det vart tid til å eta medbrakt nistepakke og drikke.
Det var nokre hestar og ponniar til utlån, og ein del av deltakarar hadde også med seg eigne hestar. Fremst i det rørande rittet gjekk Faksen med kjerre. Deretter kom Bømlafjord med sine hestar og tilreisande frå Sveio, Fitjar og Sandeid med eigne hestar.
– Dette er eit ritt me kjem til å arrangera fast kvart år framover, seier Janne Linn Agasøster, leiar for Stall Nord.