nyhende
Samla inn nesten 23.000 kroner på vel ein time
Førde skule har tradisjon for å gjera ein ekstra innsats for å samla inn pengar til TV-aksjonen. Torsdag 23. oktober inviterte dei til open skule.
FN-dagen 24. oktober fekk også merksemd.
– Me ønskjer å løfta fram verdiar som fargerikt felleskap og mangfald. I år har me også eit ekstra fokus på lesing, fortalde rektor Bjørn Tore Enerstvedt.
Barn frå mange land
Om lag 55 elevar kledd i fargerike T-skjorter opna arrangementet med stor songglede og vakre melodiar, mellom anna «Vi er barn fra mange land». Noko me fekk stadfesta då fleire born sa nokre ord på sitt eige morsmål.
Då rektor hadde ønskja velkomen og rosa det fargerrike felleskapet, opplyste han at det ikkje var ledige stolar fordi det var over 200 i salen. Vidare fortalde han at all inntekt denne kvelden uavkorta ville gå til Atlas-alliansen, som er årets mottakar i TV-aksjonen.
– Me vil gjera verda til ein litt betre stad å vera, sa Enerstvedt.
Varme pølser, heimebakst og loddsal
Rektoren trong ikkje be folk to gonger om å følgja trappene opp til andre etasje der ein kunne kjøpa varm mat og heimebakst, samt lodd og vinna fine gevinstar.
Folk i alle aldrar hadde møtt fram for å ta del i dette fargerike felleskapet. Foreldre, besteforeldre, små og store sysken, kan henda ein og annan oldefar og oldemor, samt mange frå vaksenopplæringa i Førde.
Dei selde mellom anna så god sjokoladekake at Annika Heimdal (6) og broren Lukas (3) storkosa seg då dei fekk fleire stykker på tallerkenane sine.
Tema «Fantasy»
Tema for nokre 4. og 5.klassingar var «Fantasy», inspirert av Harry Potter. I starten på arrangementet var rommet mørkt for å frå fram den spesielle stemninga. Andre hadde laga tryllestavar.
Kontaktlærar Vigdis Askeland Dahle og lærar i kunst og handtverk og engelsk, Hanne Friis Soland, fortalde at elevane hadde vore svært engasjerte.
Mange fann vegen inn i Harry Potter sitt rike der det også var leseprosjekt, samt at elevar hadde skrive mange og gode haustdikt. Desse var hengt opp på begge sider av eit haustfarga tre.
22.800 kroner
Enerstvedt var imponert over oppslutnaden og kor rause folk er.
– FAU og foreldre hjelper til, og mange foreldre har kome med flotte gevinstar. I tillegg har me fått fruktkorger frå både Joker Førde, Coop Extra Sveio og Kiwi Sveio.
Då arrangementet var over, kunne rektor opplysa at Førde skule fekk inn heile 22.800 kroner på litt over ein time, noko som fortel at loddsal og sal av mat samt heimebakst gjekk godt.
Til topps på lista
Desse pengane førte også Førde skule heilt til topps på lista over nesten 30 givarar på nærings- og organisasjonslista i Sveio. Nummer to på TV-akjsonslista er Sveio kommune og Sveio Senter med 10.000 kvar.
Søndag kveld var den totale summen frå Sveio (inkludert landsfordelte bidrag) 295.237 kroner. Knappe to tusenlappar mindre enn nettsida til TV-aksjonen viste tysdag. Det var ikkje mogeleg å få svar på om det store bidraget frå Førde skule var med i totalsummen.