nyhende

Samla inn 250.000 kroner og 400 sekkar

SOS Ukraina-aksjonen i Sveio sette i helga ny rekord med inntekter på rundt 250.000 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Innsamlingshelga starta som vanleg med innsamling av klede laurdagen. Der kom det inn 400 sekker frå heile Sveio. Samstundes var det også innsamling fleire andre stader på Haugalandet. Totalt kom det inn nær 2.400 sekkar, nok til å fylla to vogntog.

Ny rekord

Søndagen var det den tradisjonelle basaren i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn. Her kom det så mykje folk at det både måtte settast inn ekstra bord og stolar og blei parkeringskaos utanfor.

Basaren er kjend for å ha mange og flotte gevinstar, og gode kaker. Alt gitt av firma og privatpersonar. Det gjekk unna på både lodd, årer og kaker, slik at det vart sett ny innsamlingsrekord på rundt 250.000 kroner. Det er nesten like mykje som heile Sveio samla inn til årets TV-aksjon.

Overvelda og takksam

Med i summer er også gåver som kom inn under klesinnsamlinga. Heil summen går uavkorta til Open Heart sitt arbeid i Ukraina.

Leiar for Open Heart, Halvard Hasseløy, deltok på basaren der han også heldt appell. Han var både overvelda og takksam over resultatet.

Basaren er viden kjend for sine mange og flotte gevinstar. Her er eit utval.
Powered by Labrador CMS