nyhende
Med «Ingunn» som bakteppe og erfaring frå «Viking Sky»:
Samla for å utvikla betre beredskap
Bakteppet kunne knapt vore meir aktuelt då kommunane på ytre Haugalandet samla seg til beredskapsråd fredag. Uvêret «Ingunn» var enno ikkje heilt ferdig med filleristinga av landet, og spora etter den hissige dama sine herjingar var synlege frå vestlandskysten og nordover.
Som om ikkje det var nok, kom den fremste foredragshaldaren frå Hustadvika kommune, der dei tidlegare i veka sette krisestab og var førebudd på endå sterkare vind enn tilfellet blei på romsdalskysten denne gongen.
Sidan beredskap i samband med cruisetrafikken var eit hovudtema denne gongen, Jan Morten Grimstad Dale invitert for å dela erfaringar etter «Viking Sky»-havariet i 2019.
Årleg samling
Representantar for kommunane Haugesund, Tysvær, Bokn, Karmøy, Utsira og Sveio samlast til beredskapsråd ein gong i året, saman med folk frå naudetatane, Helse Fonna og frivillige organisasjonar innan beredskap.
Denne gongen var møteplassen soknehuset i Sveio. Ordførar André Mundal ønska dei vel 100 deltakarane velkomen, blant anna ved å minna om «Sleipner»-forliset og brannen på Sveio omsorgssenter som dei to største ulykkene i Sveio i nyare tid.
– Det er viktig at me jamleg kjem saman på denne måten og blir kjende med kvarandre. Då er me betre rusta til samarbeid når store hendingar inntreff, sa Haukås mellom anna.
Dale gjentok det same litt seinare.
– Det er viktig å samlast i fredstid for betre samarbeid når «krigen» kjem, sa han.
Lærdom frå «Viking Sky»
Jan Morten Grimstad Dale er i dag kommunalsjef for helse og velferd. I mars 2019, då havariet skjedde, var han beredskapsansvarleg i dåverande Fræna kommune. Og fordi både ordførar og rådmann var bortreiste då alarmen gjekk, fekk Dale hovudansvaret frå første stund.
– Gode beredskapsplanar og tydeleg og handlekrafig leiing er avgjerande for å lykkast, sa Dale.
Han gjekk gjennom både kommunen sine beredskapsplanar og korleis desse blei sette ut i livet då alarmen gjekk. Han var tydeleg på kva han meiner fungerte, men også det som kunne vore betre.
Dale roste særleg ein av nabokommunane – Kristiansund – fordi dei ikkje venta på spørsmål, men raskt var på banen sjølv og spurde kva dei kunne bidra med. Dale utfordra kommunanane på Haugalandet til å ha den same innnstillinga til kvarandre.
– Mykje god lærdom
– Det er mykje god læring i det me fekk høyra frå Hustadvika. Det er lett å tenkja seg ei tilsvarande hending i vårt område. Då er det godt å vita om kvarandre og kva ressursar kvar av kommunane og andre aktørar har. Det blir gjort mykje godt beredskapsarbeid i kvar kommunene, men me er aller best saman, seier Haukås, som var med på beredskapsråd for første gong.
At erfaringane frå Nordvestlandet er relevante, blei også understreka av sjøtrafikksentralsjef Tormod Våga frå Kystverket. Han minna om at Haugesund i fjor hadde 125 cruiseskip på besøk. Mange av desse har fleire folk om om bord enn dei 1.400 som var med «Viking Sky». Verdas nyaste og største cruiseskip til no, «Icon of the Seas», skal ha plass til 10.000.
Båt til disposisjon
Etter Dale heldt Jan Martin Stålesen frå Sør-Vest politidistrikt eit foredrag med tittelen «prosjekt mottakssenter.» Rådmennene og kommunedirektørane fekk deretter rapportera om beredskapsarbeidet i kvar kommune.
Beredskapsrådet blei avslutta med at eksterne aktørar som var til stades, fekk fortelja om seg og sitt. Først ut var Kaj Arne Christiansen frå Bokn Røde kors, som fortalte om den nye bergingsbåten deira som står til heile regionen sin disposisjon og som til no har hatt oppdrag frå Bømlo i nord til Ryfylke i sør.
Den norske kyrkja si rolle i beredskapssamenheng blei presentert av karmøyprost Ove Sjursen, medan Haugland brann- og redning blei presentert av leiaren Dag Botnen, Heimevernet HV09-213 av liaisonoffiser Ole Velde, Helse Fonna ved klinikkdirektør Ingvill Hystad Kyvik, politiet av politistasjonssjef Edgar Johan Mannes, Sivilforsvaret ved distriktssjef Mariann Svanes og statsforvaltaren i Rogaland ved fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.
– Lokalavisene del av beredskapen
Heilt til sist orienterte redaktør Ellen Marie Hagevik i Vestavind om media, og ikkje minst lokalavisene, si rolle i samband med krisesituasjonar. Ho oppmoda deltakarane om innarbeida pressekontakt i sine beredskapsplanar og utvikla gode kontaktar med lokale media.
Beredskapsrådet slutta som det byrja, med tilbakeblikk på «Sleipner»-ulykka for 25 år sidan. Då utflytta sveibu og no ordførar i Haugesund, Nils Konrad Bua, inviterte til neste beredskapsråd i Haugesund i 2025, mintest han samstundes korleis han som 15-årig speidargut var med på leiting etter forliste ved Bloksene. Han reflekterte også over kor godt ein lykkast den gongen på grunn av godt samarbeid.