nyhende

Samla alle skulane til idrettsdag

Torsdag var alle skulane i kommunen samla til idrettsdag. 5. til 7.-klassingane hoppa, kasta og sprang om kapp.

Publisert Sist oppdatert

— Heia, heia! Kom igjen, ropar skulebarna medan deira klassekameratar løper for harde livet.

På spel står nemleg heider og ære, to formar for valuta som står høgt i kurs på ein idrettsdag.

Frå heile kommunen

Torsdag føremiddag var alle 5.- 7.-klassane i kommunen samla på idrettsbana i Sveio-bygda.
Der tevla dei i seks konkurransar.

  • 60 meter sprint
  • 500 meter langdistanse
  • Kulekast
  • Lengdehopp
  • Liten ball
  • 6 x 100 meter stafett

Før stafetten står to tilskodarar og ser spente ut. Dei har trua på skulen sin.

— Me heier på Sveio, seier Sofia Ananda Bjelland (12) og Malene Hammer Kvalvågnes (12).

Dei har valt å stå på eit bord for å få betre utsikt.

Siger til Sveio

Idrettsdagen opererer på eit stramt tidsskjema slik at alle skulebarna skal rekka bussane sine heim att. Difor vert det spanande også på sidelinja då stafetten vert forsinka grunna forvirring om kva løpebane dei ulike skulane skal ha.

Heldigvis ordnar det seg etter nokre minutt, og barna fyk i veg.

— Heia, heia, høyrest frå skulebarn frå dei sju bygdene.

Den som løper i mål først er Julianne Rommetveit frå Sveio skule. Ho vert omringa av jublande elevar som kjem løpande inn i målområdet.

På sidelinja venter Bjelland og Kvalvågnes, som står klar for å gje ein god klem til Rommetveit.
Med ein gong løpet er over byrjar skulane å vandra mot bussane dei skal ta heim.

Nokre barn frå Vikse skule poserer for eit bilete. Dei viser stolt fram to av sine løparar, Amalie Lilleland Vikse og Hermann Salte Enoksen.

Ny meining til idrettsdagen

Når anlegget er tømt for skulebarn står lærar ved Sveio skule, og idrettsdagkoordinator, Ole Jacob Ravn Ottesen, igjen nøgd. Han ryddar inn utstyr og får seg litt skugge inne i Sambrukshuset.

— Det gjekk fint i dag. Litt forvirring på slutten rundt stafetten, men det kan me tåla, seier han.

For han har dei flinke barna gjeve ein ny meining til idrettsdagen han er hovudansvarleg for.

— Det er litt ironisk sidan eg bruka å hata idrettsdagen då eg var ung, seier han.

— Og no har du endra meining?

— Ja, no synest eg det er kjempeflott. Og no forstår eg dei vaksne som oppmoda meg om å gjera ein innsats uansett, svarar Ottesen.

Rosar dei frivillige

Han er tydeleg på at idrettsdagen ikkje hadde latt seg arrangera hadde det ikkje vore for dei flinke frivillige.

— Me hadde 15 9.-klassingar som var med, seier Ottesen, og peiker mot sofaen.

Der sit nokre av de flinke ungdommane, mellom anna Karoline Kalvenes (14) og Anna Møllerhaug (15).

— Dei har teke tida, gjort klart konkurransar og mykje meir, seier han stolt.

Powered by Labrador CMS