nyhende
Samde om drift – usamde om investeringar
Budsjettet til Sveio kommune i 2023 vart vedteke måndag kveld. Diskusjonane var prega av einigheit rundt drift, men ikkje om investeringar. Styrande koalisjon fekk fleirtal og framskundar prosjekt som opposisjonen ynskjer å vente med.
— Dette vil auke attraktiviteten for tilflyttarar, seier Håkon Skimmeland (Ap).
Som gruppeleiar for Arbeidarpartiet heldt han ein presentasjon av korleis dei såg føre seg investeringsbudsjettet til Sveio dei komande åra. Der snakka han om to investeringar som opposisjonen har kritisert at dei vil framskunde. Symjehall og ny barnehage.
— Når me ser på investeringsbudsjettet så ser me at me har litt forskjellige prioriteringar, seier John Kristian Økland (H).
Færre barn og fleire eldre
Gruppeleiaren for Høgre var ikkje den einaste som uroa seg over å investere så mykje pengar neste år. Også Ole-Ørjan Hov (MDG), Jarle Jacobsen (KrF) og Monica Vandaskog Valen (Sp) uttrykka bekymring.
— Det går igjen når eg snakkar med folk der ute, dei lurar på korleis dette skal betalast, sa Hov frå talarstolen.
Særleg er det ny kommunal barnehage partia er usamde om.
Opposisjonen viser til ferske tal frå kommunen som viser at det til våren vil vere om lag 140 ledige plassar i barnehagar i Sveio kommune. Størsteparten av dei i krinsane Sveio og Vikse.
— Fødselstala går ned og talet på eldre aukar, sa Lars Einar Hollund (H).
Tala blei innhenta av Jacobsen (Krf), som også nytta si tid på talarstolen til å rette kritikk mot eit av argumenta for ny barnehage, at den er for gamal. Han meiner sentrumsbarnehagen er i betre stand enn andre.
— Barnehagen er frå 1989, og ein heilt annan standard enn det me har nord i kommunen, sa Jacobsen.
Halleraker i forsvar
Asle Georg Halleraker (uavhengig) tok barnehage-investeringa i forsvar etter kritikk frå opposisjonen.
— Eg registrerer at opposisjonen vil byggje flunke ny barnehage i 2025. Det er kjempekjekt, men eg er litt meir utolmodig, sa Halleraker frå podiet.
Han nemnde fleire prosjekt og planar han meinte har stått i ro for lenge, og gjentok eit argument frå styrande koalisjon.
— Eg gjentar kva Skimmeland sa. Me ska ikkje laga ny barnehage for å flotte oss, men for å erstatta den gamle, sa Halleraker.
Det var styrande koalisjon beståande av FrP, Ap og dei uavhengige som fekk fleirtal for deira investeringsbudsjett.
Fleirtal for dei styrande
Etter avstemminga vart den tradisjonelle budsjettkaka servert. Både Eriksen (FrP) og Skimmeland (Ap) var nøgde.
— Det er lenge sidan det har vore så mykje einigheit om eit driftsbudsjett, sa Eriksen.
Økland (H) og Vandaskog Valen (Sp) var også i godt humør, sjølv om dei ikkje fekk røysta gjennom alt dei ville.
Jamvel fryktar dei investeringsbudsjettet gjer at Sveio får meir utgifter enn inntekter.
— Me er nøgde for det me har fått gjennomslag for, sa Økland.
— Vert det omkamp når barnehage og symjehall skal behandlast som eigne sakar?
— Me vil sjå på sakene når dei kjem, svara Vandaskog Valen (Sp).
RETTING:
Tidlegare var Jarle Jacobsen (KrF) sitert på at sentrumsbarnehagen er frå 1981, når den er frå 1989. Denne feilen vart retta klokken 09.30.