nyhende

I fjor haust konkurrerte dei beinhardt om retten til å bera ordførarkjedet. Seinare har André Mundal Haukås (H) og Linn Therese Erve (Ap) vist at dei også kan samarbeida – seinast om å berga sommartilbod til barn og unge.
I fjor haust konkurrerte dei beinhardt om retten til å bera ordførarkjedet. Seinare har André Mundal Haukås (H) og Linn Therese Erve (Ap) vist at dei også kan samarbeida – seinast om å berga sommartilbod til barn og unge.

Samarbeid sikra sommaraktivitetar

Samarbeid mellom posisjon og opposisjon sikra måndag pengar til sommaraktivitetar for born og unge i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

– Linn Therese Erve (Ap) oppdaga for ei tid sidan at løyvinga til sommaraktivitetar var utegløymt på budsjettet for 2024. Sidan ho var bortreist og dermed hadde meldt forfall til formannskapsmøtet måndag, var det eg som la fram forslaget om å løyva 50.000 kroner til tiltaket, fortel ordførar André Mundal Haukås (H).

No vil han dela æra for det han meiner var eit godt vedtak, med den argaste konkurrenten sin frå valkampen i fjor.

Planane snart klare

Forslaget blei samrøystes vedtatt av formannskapet.

Sveio har i fleire år tilbydd aktivitetar for born i sommarferien. Ungdomsleiar og tilsynsvakt ved Vigdartun Flemming Lothe har hatt ansvaret for opplegget saman med ungdomslos Kristine Mundal Kaldheim. Dei har også samarbeidd med biblioteket, Sveio frivilligsentral og andre. prosjekt.

– Det er flott at pengane er på plass. Me har ikkje hatt planleggingsmøte enno, men reknar med at det ikkje vil gå så lang tid før me veit kva aktivitetar me vil tilby i år, seier Lothe.

Ventar med E39-uttale

Planleggingsleiar for ny E39 på strekninga Bokn-Bømlafjorden, Henry Asle Damman, var også til stades og orienterte formannskapet om mogleg utviding av planområdet for den nye firefeltsvegen ved Lier.

Damman seier til Vestavind at dei enno ikkje har bestemt seg for å utvida området, men vurderer dette for eventuelt å utgreia fleire alternative traséar forbi Førde. Dette har igjen samanheng med at det har kome svært mange merknader for denne strekninga. Sveio kommune har også uttalt seg og bede om fleire tunnelar for å skåna natur og busetnad.

– Tunnellar blir ikkje konsekvensutgreidde i første omgang, sjølv om planområdet blir utvida, slår Damman fast.

Pest og kolera

Han peikar elles på at vegvesenet må ta omsyn til Joavatnet som drikkevasskjelde når dei skal vurdera om fleire alternativ er aktuelle.

– Å planleggja store, nye vegprosjekt er ofte eit val mellom pest og kolera. Anten vil det gå ut over hus og bumiljø eller natur og friluftsliv, seier Damman vidare.

Sidan det enno er langt fram før vegvesenet har konkrete alternativ klare, rådde Damman formannskapet til å ta saka til orientering i denne omgang. Formannskapet valde likevel å gå for rådmannen si tilråding med ei lita korrigering. Vedtaket ser då slik ut: Kommunestyret i Sveio er positive til at planområdet ved Lier blir utvida, og ber om at det blir greidd ut fleire alternative vegtrasear i området i tillegg til dei to som er foreslått.

Avviste klager

Formannskapet behandla også klagene som har kome inn på den vedtekne reguleringsplanen for fylkesveg 541 Tjernagelvegen mellom Krossleite og Grimstveit.

I denne saka, som skal vidare til kommunestyret og deretter til Statsforvaltaren i Vestland, var meiningane delte. Fleirtalet på fire støtta rådmannen og hovudutvalet sitt forslag om at klagene ikkje blir tatt til følge. Mindretalet som røysta mot dette utan å leggja fram noko alternativt forslag, besto av Rune Teikarei (Frp), Asle G. Halleraker og John Anders Semb, begge dei to sistnemnde frå TpF.

Powered by Labrador CMS