nyhende
Valet er opplagt for bondelagsleiaren:
– Samanliknar oss meir med yrkesbrør i Vestland
Leiaren i Sveio bondelag har brukt mykje tid på å setja seg inn i fordelar og ulemper med både Rogaland og Vestland. Ho har trekt sin konklusjonen, som for øvrig har vore den same i heile prosessen – Vestland er staden å vera bonde når ein bur i Sveio.
Når me snur kalendaren over til desember opnar folkeavstemminga som skal vera rådgjevande for politikarane som skal bestemma om me skal signalisera til Rogaland om å få bli med i deira fylke – eller seia oss nøgde med å vera i Vestland.
Vestland
Frå dag éin har det vore klart at bøndene i Sveio er ei yrkesgruppe som kan merka konsekvensar om ein går sørover. Gjertrud Svartveit Osmundsen, leiar i Sveio bondelag har naturleg nok brukt ein del tid på å lesa rapporten, ta del i møte og oppsøka erfaringar frå m.a. andre bondelagsleiarar. Torsdag kveld var fjerde og siste informasjonsmøte frå Sveio kommune si side, og me tar ein telefon til leiaren for å høyra korleis landet ligg.
– På vegne av medlemmene i bondelaget, veit de kva veg de vil gå?
– Eg kan ikkje snakka 100 prosent for alle, men alle eg har snakka med ønskjer å bli i Vestland, fastslår Osmundsen, noko ho også står for.
Skeptisk til Rogaland
Ein ting som har vore viktig å få svar på, er om det vil skje endringar i tilskot frå Vestland til Rogaland, spesielt for slaktegris. Det er bekrefta at bøndene eventuelt vil få likt tilskot i begge fylke, men Osmundsen trur likevel ikkje at dette er ei framtidsretta løysing, om gardbrukarane i Sveio blir Rogalandsbønder.
Ho viser til eit komplisert system, med mange reglar, grenser og soner å ta omsyn til i landbruket, som politikarane styrer.
– Går me over til Rogaland og får behalda det slik som i Vestland, er eg skeptisk til kor mange år. Det kan vera slik til den neste politiske endringa, heilt til dei bestemmer seg for å forenkla dette igjen. Då kan det vera at Sveio skal følgja sone Rogaland, seier Osmundsen.
Generasjonsskifte
Eit anna moment er at ein mjølkekvote har større verdi i nabofylket enn i Vestland. Dette kan nok i og for seg høyrast fint ut, men det aukar verdien på garden, og det blir eit problem når garden skal overleverast til neste generasjon.
– Flesteparten av mjølkebøndene i Sveio er i ferd med, eller har akkurat passert 50 år. På grunn av verdisettinga på kvotar i Rogaland, vil vår gard stiga med mellom 1 og 2 millionar kroner ved generasjonsskifte, seier bondelagsleiaren, som driv med slaktegris og mjølkeproduksjon på Nordskog.
Ho stiller spørsmål ved kor mange unge som vil halda fram med drift, utan at inntektene på produkta dei leverer stig i takt.
– Må ikkje finna på det
For nokre år tilbake gjekk Ølen ut av Hordaland (no Vestland) og til Rogaland. Rådet frå bøndene på den kanten om mogleg overgang til fylket i sør er tydeleg:
– De må for all del ikkje finna på det, me hadde det mykje betre i Hordaland, gjengir Osmundsen. Det gjer ho enda meir motivert for å stå på enda hardare for å behalda Vestland. Ho håpar at folkeavstemminga i januar talar til deira fordel.
– Eg kan ikkje sjå at det er store endringar for nokon grupper ved å gå inn i Rogaland bortsett frå landbruket. Eg ser ikkje poenget, seier Osmundsen.