nyhende
Hiernagla interessert i del av same tomta som Sigurd Aase:
– Salet kom som ei overrasking
Meldinga om at Sigurd Aase har inngått kontrakt med Sveio kommune om kjøp av 115 dekar industriareal på Tjernagel, kom som ei stor og ubehageleg overrasking på eigarane av Hiernagla Brenneri AS på Ekrene.
– Me har i lengre tid vore i dialog med kommunen om kjøp ei mindre tomt – fem dekar – av det same arealet. Denne kontakten stoppa opp i fjor haust. Me er ikkje blitt tatt med vidare, og så les me i Vestavind sist veke at det er inngått avtale med Sigurd Aase, seier dagleg leiar Reidar Horneland i Hiernagla Brenneri AS.
Nå ber Horneland politikarane om ei avklaring før kontrakten med Aase skal opp til godkjenning i kommunestyret komande måndag.
På Hiernagla Brenneri AS står det å lesa at Hiernagla betyr sverdknapp og er det gamle namnet på Tjernagel.
Må avklarast
Ordførar André Mundal Haukås stadfestar at han er blitt kontakta av Reidar Horneland i Hiernagla Brenneri AS.
– Eg har snakka med både Horneland og Aase. No må me berre avklara kva som har skjedd. Eg reknar med å snakka meir med Horneland seinare i veka, seier Haukås.
Han kan ikkje svara på om innspelet frå Hiernagla Brenneri AS vil få innverknad på godkjenninga av kontrakten med Sigurd Aase.
– Det vil i alle fall vera opp til kommunestyret, seier han.
Open for samarbeid
Kommunalsjef utvikling Kenneth Tollefsen stadfestar at det har vore dialog mellom kommunen og Hiernagla Brenneri AS om tomt på Tjernagel.
– Me ønskjer å få til mest mogleg på Tjernagel. Prosessen med Hiernagla Brenneri AS førte ikkje til at me fann noko løysing i den omgangen. Me har tatt Hiernagla sine ønske opp med Sigurd Aase i prosessen. Han er positiv til å få til noko saman med Hiernagla. Området må no først regulerast og sjåast på i ein heilskap, før ein må investera i infrastruktur som til dømes straum, vatn, avlaup og veg til dei aktuelle områda, seier Tollefsen til Vestavind.