nyhende

Saknar du ei trillebår?

Då kan det vera at du finn den i Steinhaugvegen.

Publisert Sist oppdatert

Arne Mauseth blei gjort merksam på trillebåra av ein nabo før jul. Han med fleire bur i Steinhaugvegen 38 i Sveio sentrum, og dei har fleire gonger opplevd at syklar blir slengt i same området. Truleg av folk som har «lånt» dei.

– Det er for gale at folk ikkje kan la andre sin eigedom vera i fred, seier Mauseth, og undrar seg på kvifor i all verda ei trillebår har blitt etterlate i buskane ved huset.

– No når snøen er vekke tenkte eg det var på tide å melda frå om at trillebåra ligg der. Kanskje nokon saknar den. Det ser ut til at ho har blitt brukt til sement. Det er i alle fall sementrestar på ho, fortel Mauseth, som har med seg bilder av trillebåra.

Kjenner du igjen trillebåra, kan du altså henta den i buskane ved Steinhaugvegen 38.

Powered by Labrador CMS