nyhende

Trond Sveen fann trebåten på biletet tysdag formiddag. Då hadde den kome drivande utanifrå trur han. Saknar du båten din?
Trond Sveen fann trebåten på biletet tysdag formiddag. Då hadde den kome drivande utanifrå trur han. Saknar du båten din?

Saknar du båten din?

Ein framand trebåt vart funnen i Mølstrevåg tysdag formiddag. Finnaren håpar det er nokon som saknar den. – Eg trur den har vore ført med frå land av uvêret, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Trond Sveen har budd i Mølstrevåg i om lag 35 år og er kjend i området både på land og til sjøs. Difor er han sikker på at båten han oppdaga tysdag formiddag må ha kome utanifrå.

– Eg veit ikkje korleis den har kome dit, seier han.

Ikkje teikn til å ha vore i bruk

Sjølv om ein tom, drivande båt kan vera eit dårleg teikn, så ser det ikkje ut som noko alvorleg har skjedd.

– Det er ikkje noko tau på båten eller noko slikt. Så den må ha lagt på land og blitt teken med ut av vind og sjø. Årene er lagt inn, og det er ikkje noko teikn til at dei har vore i bruk, seier han.

Uheldigvis er det heller ikkje nummer eller namn på båten, så kven eigaren er veit han ikkje. Båten er fortøyd på Brattestø der den kan hentast.

Fann den ute på sjøen

– Kva tilstand er båten i?

– Heilt fin, det er litt vatn oppi den, seier Sveen.

– Korleis oppdaga du den?

– Eg var ute ein liten tur med båten, seier han.

– Utandørs i dette vêret?

– Hehe, det var ufyseleg vêr der ute, humrar han.

Powered by Labrador CMS