nyhende

Tomta der aktivitetshuset skal koma. Bildet er tatt tidlegare i september.
Tomta der aktivitetshuset skal koma. Bildet er tatt tidlegare i september.

Sak om aktivitetshus når snart politikarane

Arbeidet med finansiering av aktivitetshus for funksjonshemma har tatt lengre tid enn tenkt. Neste delmål er å lysa jobben ut på anbod i november – men først skal saka ein runde innom politikarane.

Publisert Sist oppdatert

Aktivitetshuset vil blir eit allsidig og funksjonelt bygg for både brukargruppa og tilsette. Det vil bli ei stor endring i kvardagen for brukarane, og derfor ekstra sårt for dei pårørande at prosessen drar ut.

Tore Johann Enerstvedt frå avdeling drift og anlegg i Sveio kommune har siste nytt i saka:

– Me har jobba aktivt med finansiering av prosjektet. I den samanheng har me søkt Husbanken om tilskot. Behandling av søknaden har tatt noko tid. Me har nett fått positivt svar på søknaden der Husbanken vil bidra med tilskot på inntil 13.6 millionar kroner. Restfinansiering av prosjektet skal opp som politisk sak i neste møteserie. Om dette går gjennom politisk skal arbeidet lysast ut på anbod, mest truleg i starten av november.

Powered by Labrador CMS