nyhende

Anne Karin Enerstvedt (t.v.), Bodil Waage, Eva Helen Ekrene, Viktoria Lien og Linda Blix Odland hadde gav alt for å vinne stygg-julegenser-konkurransen.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Anne Karin Enerstvedt (t.v.), Bodil Waage, Eva Helen Ekrene, Viktoria Lien og Linda Blix Odland hadde gav alt for å vinne stygg-julegenser-konkurransen.

Såg ut som nokre juletre – vann kåringa

Dei som oppsøkte servicekontoret på Sveio kommunehus måndag, såg ikkje skogen for berre juletre.

Publisert Sist oppdatert

Måndag var det eit litt annleis dag på på kommunehuset i Sveio. Då vart det heldt «stygg julegenser»-konkurranse og dei tilsette gjekk inn for å vinne.

— Me veit ikkje kva premien er ennå, sa Viktoria Lien.

— Står stjerna mi nå?

Saman med kollegaene Bodil Waage, Anne Karin Enerstvedt, Linda Blix Odland var ho kledd ut som juletre.

Bodil Waage (t.v.), Eva Helen Ekrene og Viktoria Lien har både julestemning og julelys på kleda.

— Står stjerna mi nå? Spurde Waage dei andre.

— Treet mitt står men stjerna fall framover, sa Blix Odland.

Dei takka ja til å stille opp for eit bilete, og det juletreet som står i inngangen på kommunehuset fekk selskap av fire nye.

— Kva skal me gjere med hendene? Vart det diskutert i mellom dei fire trea.

— Me kan halde dei oppe, sa Enerstvedt.

Skrudde på lysa

Eva Helen Ekrene kom vandrande i bakgrunnen, ho var ikkje utkledd som tre men hadde jamvel sikra seg ein god genser.

Frå venstre: Anne Karin Enerstvedt, Viktoria Lien, Bodil Waage og Linda Blix Odland poserer saman med eit ekte juletre i midten.

— Sjå, eg skal skru på lysa, sa Ekrene.

Genseren byrja å blinke, og då dei fire juletre-kollegaene stilte seg rundt ho vart det tydeleg at det vert ein kjekk dag på kommunehuset.

Seinare vart det bekrefta frå ein av vinnarane at dei fire juletrea gjekk sigrande ut av konkurransen.

Powered by Labrador CMS