nyhende
Såg du det rosa regnet?
Dei som kikka mot himmelen ved solnedgang måndag kveld, kunne sjå eit rosa felt i aust. Kanskje ikkje så spesielt i seg sjølv på godvêrsdag, men dei som såg nøye etter, kunne sjå at det rosa feltet strekte seg ned framføre fjella, mellom Førde og Vikebygd, og ned mot Ålfjorden – kanskje var det synleg frå andre vinklar også.
Kort fortalt er desse stripene nedbør, som blir lyst opp av den låge kveldssola.
– Raude, oransje, lilla og rosa skyer får ein når sola står lågt, som ved solnedgang og soloppgang. Sollyset består av mange fargar, men det raude lyset varer lengst, berre den raude delen blir synleg for oss. Raud solnedgang betyr at det ikkje er skyer mellom deg og sola, og sidan det dårlege vêret ofte kjem frå vest, kan det bety skyfritt neste dag, forklarar statsmeteorolog John Smits.
Det rosa feltet, som eigentleg er regn, blir på fagspråket kalla fallstriper.