nyhende
Så var det på han igjen…
I store delar av landet blir ekstremvêret «Ingunn» erstatta av nytt uvêr fredag og laurdag, noko som kan føre til krevjande forhold på vegane, ifølgje Statens vegvesen.
Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og sørlege Troms blir ramma av det same uvêret.
For Sveio sin del meldes det mest vatn fredag, og mest vind laurdag og fram til søndag morgon. Her snakkar me om storm i kasta og opp i full storm på det meste søndag morgon, om meldingane slår til. Det er også gult farevarsel for flaum.
Aukande fare for skred
– Mykje nedbør, varmegrader og vind gjer at faren for snø-, sørpe- og jordskred aukar. Statens vegvesen åtvarar trafikantane om at vegstrekningar og fjellovergangar kan bli stengde på kort varsel. Følg med på trafikk- og vêrmeldingar, heiter det i ei pressemelding frå Vegvesenet.
Fleire vegar er stengde allereie, og det kan bli fleire.
Uføreseieleg på vegane
– Det blir lokale variasjonar, men i store delar av landet blir det uføreseieleg på vegane også dei næraste to døgna. Vi har sett på ekstra mannskap, men med den store skredfaren og overhengande fare for store skred, kan vi ikkje love opne vegar, seier Nils Karbø, leiar for trafikkstyring og beredskap i Statens vegvesen.
Han seier at dei følgjer situasjonen nøye.
– Sjekk både vegvesen.no/trafikk og varsom.no før du reiser. Stopp også gjerne undervegs og sjekk igjen viss du skal reise langt, oppmodar han.