nyhende

Marianne Fransson Pedersen har havet som tema for utstillinga.
Marianne Fransson Pedersen har havet som tema for utstillinga.

Ryvarden Kulturfyr startar årets kunstsesong

Eit sikkert vårteikn er opninga av utstillingar på Ryvarden. Første kunstnar ut dette året er Marianne Fransson Pedersen.

Publisert Sist oppdatert

Den nye kunstutstillinga i galleriet blir opna sundag 5. mars, og galleriet er frå då ope alle sundagar og helligdagar.

— Me ønskjer Marianne Pedersen og hennar utstilling med temaet «Havet», hjarteleg velkomen, seier kulturfyrvaktar Gunn Bente Håvardsholm.

Figurativt og impulsivt

Fransson Pedersen er busett på Haugalandet, og for mange også kjent via «Penselstrøket». Ho er ein kunstnar som har hatt sitt virke gjennom mange år. Kunsthandverk har alltid hatt stor plass hos henne, men ho har i løpet av arbeid sitt også utvikla seg vidare innan biletkunst, teikning, foto, grafikk og vev.

Det figurative kjenneteiknar uttrykket hennar, men samtidig er impulsiviteten og det å ikkje ha faste rammer rundt kunstverk, viktig for henne, skriv Ryvarden Kulturfyr i ei pressemelding.

Plast frå havet

For utstillinga ho skal ha på Ryvarden, har ho teke utgangspunkt i problematikken av plast frå havet. Det er og blir eit stort problem for blant anna dyrelivet, både på land og i vatn.

Før blei havet brukt som søppelkasse. Kloakk gjekk rett ut i fjorden, og det same gjorde mykje av gjenstandene me ikkje lenger kunne bruka. Sidan den gong har avfallet vårt blitt håndtert stadig betre. Frå havet som søppelkasse til deponi, til forbrenning og nå i stadig aukande grad til gjenvinning.

Til stades på opninga

Utstillinga set søkelys på dette, og ikkje minst gjenbruk og redesign av å auka ressursutnyttinga ved gjenvinning.

Marianne Fransson Pedersen vil vera til stades opningsdagen, og utstillinga står til og med 30. april.

Powered by Labrador CMS