nyhende

Ryvarden Kulturfyr.ARKIVFOTO: KARI NILSDATTER HAUKÅS
Ryvarden Kulturfyr.

Ryvarden-drift framleis i kommunal regi

Eit stort fleirtal i Sveio kommunestyre gjekk måndag inn for at drifta av Ryvarden kulturfyr framleis skal vere i kommunal regi.

Publisert Sist oppdatert

Framtidig driftsform for Ryvarden Kulturfyr var oppe til diskusjon i Sveio kommunestyre sist måndag. Bakgrunn var at drifta, som er organisert gjennom eit kommunalt føretak (KF), i fleire år har belasta kommunebudsjettet. Det både gjennom årlege driftstilskot og ekstra tilskot for å dekke opp for underskot.

I inneverande år er det set av 440.000 kroner til drifta av mellom anna galleri og kafe på det populære turmålet.

H, Sp og Krf ville kommersialisere

Kommunestyret er samde om at drifta ikkje bør belaste kommunebudsjettet, og dette var bakgrunnen for at kommunestyret i fjor ba rådmannen jobbe fram forslag til alternative driftsformer.

Både utleige til ein ideell organisasjon og utsetting av drifta til ein rein kommersiell aktør låg på bordet måndag. Det siste alternativet føreslo Høgre, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti som løysing.

— Det er urovekkande at kommunen sitt selskap er avhengig av å ha bortimot 25 prosent av driftsinntektene som driftstilskot frå kommunen, sa Lars Einar Hollund (H)

Ha meinte difor at tida var inne for å gjere endringa, men fellesforslaget til dei tre partia fell då det fekk berre seks røyster.

Får tid på seg

Fleirtalet samla seg om oppmodinga til styreleiar Rune Teikari (Frp) om å ha is i magen etter at dei tilsette på Ryvarden gjennom to tøffe år har klart å oppnå positive resultat etter omstrukturering av drifta under pandemien.

— Dette er ikkje tida for å vere ein arbeidsgjevar som gir tilsette utryggheit i ei periode kor dei har lukkast med ei omstilling på tross av særs krevjande tider, sa han.

Fleirtalet gjekk inn for rådmannen si innstilling om å halde fram med drift i kommunal regi som i dag, men at at driftstilskotet frå kommunen skal takast ned over tid.

Powered by Labrador CMS