nyhende

Naudetatane rykte ut då et kom melding om røykutvikling frå dette huset i Sveio sentrum. Det viste seg vere røyk frå matlaging i bustaddelen av bygningen som også husar restaurant i første etasje.FOTO: TIPSAR
Naudetatane rykte ut då et kom melding om røykutvikling frå dette huset i Sveio sentrum. Det viste seg vere røyk frå matlaging i bustaddelen av bygningen som også husar restaurant i første etasje.

Rykte ut etter melding om røykutvikling i Sveio sentrum

Naudetatane rykte ut til melding om brann i Sveio sentrum like etter klokka 12 nyttårsaftan. Det viste seg å vere mindre alvorleg enn frykta.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk melding om røyk frå ei bygning i Sveiogata i Sveio sentrum klokka 12.16 nyttårsaftan.

— Då brannvesenet kom fram undersøkte dei alle etasjar, men fann ikkje noko brann, seier operasjonsleiar Jøran Solheim ved Sør-Vest politidistrikt til Vestavind.

Alle som var i huset kom seg ut av bygningen.

Brannvesenet kunne konstatere at det ikkje var brann i huset.

Røyken stamma frå matlaging i den private delen av bygningen, som igjen har trekt ut gjennom ventilasjonsanlegget i bygninga.

I underetasjen er det restaurantdrift. Denne delen skal vere uskadd.

— Det blir ikkje oppretta sak, opplyser Solheim.

Utrykkingsleiar Olav Magnar Hovland frå brannvesenet og politiet sin innsatsleiar Christian Alfredsen kunne slå fast at ingen personar var komne til skade i hendinga.
Powered by Labrador CMS