nyhende
Ryddar opp i vedtektsglipp
Om ein tar gjeldande politivedtekt for Sveio kommune på ordet, er det per i dag ikkje tillate for barn under 15 år å ta del i offentlege arrangement på dagtid, utan at foreldre eller føresette er med.
§ 7-3 i gjeldande politivedtekt for Sveio kommune har denne ordlyden:
Barn under 15 år har ikkje åtgang til offentleg allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er i følgje med foreldre eller andre føresette. Politiet kan gje dispensasjon ved tilstellingar som arrangeras spesielt for barn og unge under 18 år.
– Ikkje intensjonen
Rådmann Jostein Førre tar initiativ til at vedtektene skal endrast.
«Den gjeldande ordlyden i paragrafen kan gje utilsikta verknadar som ein ikkje hadde tenkt godt nok gjennom før politivedtekta blei vedteken. Om ein skal ta ordlyden på alvor, vil det til dømes ikkje vera tillate for born under 15 år å ta del i arrangement på dagtid under Sveiodagane utan at dei har foreldre eller føresette med seg. Det vil og heilt sikkert finnast andre døme på trygge tilskipingar der det vil vera heilt trygt for born under 15 år å vera med utan at dei blir følgde av foreldre eller føresette» skriv han som bakgrunn for saka.
– Det seier seg sjølv at det ikkje var intensjonen å leggja hindringar i vegen for slike positive tilskipingar, skriv rådmannen i saka, som politikarane har fått på bordet i tre instansar.
Regulert i anna lovverk
Grunnen til at paragrafen er med, både i Sveio si politivedtekt og normalpolitivedtekta, er eit ønskje om å sikra at barn under 15 år ikkje har tilgang til arrangement der det blir servert alkohol – utan at foreldre eller føresette er med.
I si vurdering ser rådmannen på formuleringa kan skapa mistydingar, og ser derfor at denne formuleringa blir tatt ut, eller endra. Omsynet til barn og unge si tryggleik ved tilstellingar der det blir servert alkohol, er regulert i anna lovverk.
Saka er no sendt ut på høyring, på kommunen sin nettstad, Vestavind og ni andre instansar.